Utløpt

Vi har starta på eit historisk mineraleventyr og treng no deg med erfaring frå kundeservice og salgslogistikk!

Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet AS
Stillingstittel
Kunde- og logistikkansvarleg
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Engebø Rutile and Garnet AS er eit selskap i vekst og vi riggar oss for oppstart av produksjon i 2024. Merete, vår dyktige økonomi- og finansleiar, treng difor fleire hjelpande hender. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg ut i den flotte naturen i vakre Sunnfjord.


Vi ser no etter deg som likar å vere nøyaktig, har stor sans for struktur og vil gje kundane våre den beste servicen. Du vil i hovudsak vere ansvarleg for planlegging og koordinering av eksport av våre produkt til kundane våre.


Kundane våre har ansvar for frakt og hentar produkt med tørrlastefrakteskip på kaia på Engebø. Du vil ha kontakt med kunde, agent, transportør og vår interne prosess- og produksjonsavdeling for å planlegge og gjennomføre leveranse av produkt frå kai på Engebø til frakteskip, inkludert eksportdokumentasjon og fakturering.


Det er perfekt om du har erfaring frå ordrebehandling, shipping, kundeservice og administrasjon frå tidlegare. Det er også ein fordel om du er kjent med bruken av Incoterms 2020, forskjellige betalingsbetingelsar som blant anna Letter of Credit og gjerne ha tidlegare erfaring med tollklareringar. Stillinga inneberer kommunikasjon med kundar frå heile verda, så du må vere stødig i engelsk. Kan du fleire språk er det berre positivt. 


Høyrast denne typen arbeidsoppgåver kjent ut? Då er dette stillinga for deg!


Vi opptrer profesjonelt og er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal vere av dei beste på å utvikle leiarane våre, og har fokus på balansen mellom jobb og fritid.


Vi tilbyr ein unik mogligheit, og rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du ynskjer å prioritere.


Du vil ta del i eit rykande ferskt team, der alle startar med blanke ark. Vi er no blitt ein god gjeng på 28 tilsette frå forskjellige kontinent, og har kvar våre fagfelt med brei erfaring. Det er jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på samme "fjell", utan mykje erfaring fra oppstart av gruvedrift. Vår fellesnemnar er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar!


Vi skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.


Dette kan vere din moglegheit til å få vere med oss på eit unikt og historisk eventyr, og vi ser fram til å høyre frå nettopp deg!


Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål til stillinga eller korleis det er å jobbe i Engebø Rutile and Garnet. Send gjerne ei henvending til vår "motsette referanse", kontaktinfo finn du på engeboprosjektet.no/karriere.


Arbeidsstad vil vere på Engebø i vårt splitter nye og moderne administrasjonsbygg!


Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande - så det er ingen grunn til å vente med å søke. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?

Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Engebø, 6817 Naustdal
Bransje
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
Kundeservice
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

logistikk, salgskoordinator, kundeansvarleg

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Merete Juel
Stillingstittel
Økonomi- og finansleiar
Følg firma
92 følger dette firmaet

Engebø, 6817 Naustdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 342142236
Sist endret 15. apr. 2024 15:48

Rapporter annonse