Utløpt

Geoteknikar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Geoteknikar
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Med våre over 6000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Me har ansvaret for 5547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1988 bruer, 30 ferjesamband.

Avdeling Infrastruktur og veg skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet.
Vi er ein av landets største byggherrer innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.

Til eininga geo og skred søker vi no etter 2 dyktige geoteknikarar som vil vere med å realisere dei spanande samferdsleprosjekta vi har i Vestland.

Eining for geo og skred består av eit sterkt kompetansemiljø innan fagområda geoteknikk, ingeniørgeologi, vegteknologi og skred. Vi er i dag 4 geoteknikarar, 6 ingeniørgeologar, 2 vegteknologar og 1 dak-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen.

For dei ledige stillingane er det Bergen og Leikanger som vil vere aktuelle kontorstadar.


Om stillinga

Som geoteknikar på eining for geo og skred vil du få mogelegheit til å ta del i utviklinga av den framtidige infrastrukturen i Vestland. Du vil bli ein del av eit stort og veletablert fagmiljø innan veg, og du vil jobbe med geoteknisk prosjektering i både store og mindre investerings- og vedlikehaldsprosjekt. Du vil få stort ansvar med utfordrande og intersessante oppgåver innan fagområde. Du vil også få stor fleksibilitet i arbeidskvardagen, både på kontor og ute i felt. Noko reiseaktivitet må påreknast.

Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Geotekniske oppgåver knytt til vegar, tunnelar, bruer, ferjekaier og rassikring.
  • Geoteknisk prosjektering og rådgjeving i alle planfasar.
  • Anleggsoppfølging av eige fagområde i utbyggingsprosjekt og ved drift- og vedlikehaldsoppdrag.
  • Bestilling og oppfølging av grunn- og laboratorieundersøkingar.
  • Vurdering av stabilitet og bereevne ved skråningar, utgravingar og fyllingar.
  • Fagleg vurdering og bistand ved akutte skredhendingar.

Hjå oss kan du forvente

Arbeidsmiljøundersøkingar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. VI har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det er gode mogelegheiter for både fagleg og personleg utvikling.

Desse kvalifikasjonane og eigenskapane ser vi etter

  • Relevant høgare utdanning innan geoteknikk frå universitet eller høgskule.
  • Utdanning på tilsvarande nivå innan hydrogeologi eller ingeniørgeologi vil og bli vurdert dersom ein har gjennomført tilleggsutdanning i geoteknikk.
  • Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet. Det er ønskjeleg med minst 3 års erfaring frå geoteknisk arbeid, men vi oppfordrar nyutdanna til å søke.
  • God kjennskap til digitale verktøy.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Som medarbeidar på eining for geo og skred forventar vi at du har gode samarbeidsevner og kan utføre arbeidsoppgåvene dine på ein sjølvstendig og systematisk måte. Du har stå-på-vilje og er god på å dele kunnskap med kollegaane dine. Vi ønskjer at du er initiativrik og modig, engasjert og resultatorientert, og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Kryss av i søknaden for om du søker deg til kontorstad Bergen eller Leikanger.

Vi kan tilby

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling - mogelegheit for vidareutdanning
  • Variert arbeidskvardag og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Tillitsbasert leiing der du raskt vil få ansvar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Attraktive pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter avtale.
  • Nye og moderne kontorfasilitetar på alle kontorstader.

Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte leiar for eininga geo og skred - Stein Olav Njøs - på telefon; 95191855.

Anna informasjon
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod om stilling.
Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon,
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Ingeniør / Geomatikk,
Ingeniør / Geoteknikk og ingeniørgeologi
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Geoteknikk, Hydrogeologi, Ingeniørgeologi, Skred

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stein Olav Njøs
Stillingstittel
leiar
Telefon
95 19 18 55
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 342072114
Sist endret 13. apr. 2024 01:04

Rapporter annonse