![SpareBank 1 SMN logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/2/vertical-0/25/1/341/728/161_1280232816.png)
HR Forretningspartnar
SpareBank 1 SMN
- Frist 17.3.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med HR i eit samfunnsengasjert finanskonsern?
Vil du jobbe med HR i eit samfunnsengasjert finanskonsern? Erfaring frå HR, organisasjonsutvikling, rådgjeving og/eller konsulentselskap?
SpareBank 1 SMN er det leiande finanskonsernet i Trøndelag og på Nordvestlandet. Vi er lokalisert i 42 kommunar og har hovudkontor i Trondheim. Totalt er vi meir enn 1700 medarbeidarar frå Førde i sør til Rørvik i nord, i tillegg til at vi nyleg har etablert oss med avdeling i Oslo.
Vi søker no ein HR Forretningspartnar til divisjon Sunnmøre og Fjordane med arbeidsstad i Volda. SpareBank 1 SMN fusjonerte i 2023 med SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og som tilsett i denne stillinga vil du ha HR-ansvar for den nye forretningsdivisjonen som er etablert i samband med fusjonen. Fagleg vil du samhandle med avdelinga Menneske og organisasjon som består av 18 engasjerte og dyktige medarbeidarar.
Som HR Forretningspartnar vil du ha ansvar å omsette forretningsstrategi til relevante HR-tiltak slik at divisjonen og konsernet når måla sine. For å lykkast i jobben må du ha sterk fagkompetanse, god forretningsforståing og tryggheit i rolla som sparringspartnar for leiarar og leiargrupper.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Jobbe tett på konserndirektør og øvrig leiing som rådgjevar i organisasjons- og HR-relaterte tema
- Sikre forbetring og implementering av konsernfelles HR-aktivitetar
- Bidra til kontinuerleg forbetring av organisasjonsprosessar, og deling av beste praksis internt i divisjonen og på tvers i konsernet
- Sikre at forretningsdivisjonen har rette evner og ressursar til å levere på mål og strategiar
- Analysere HR-data for å få innsikt og bruke dette aktivt i rådgjeving og dialog med leiinga i forretningsdivisjonen
- Støtte leiinga i arbeidsrettslege problemstillingar
- Gjennomføre rekrutteringsprosessar i samarbeid med leiarar i divisjonen
Så kvifor skal du velje SpareBank 1 SMN? Jau, det kan vi fortelje deg!
- Ein kultur prega av meistring, engasjement, vilje til kontinuerleg forbetring og utvikling, læring og deling av beste praksis
- Karrieremoglegheiter i eit konsern med fokus på intern rekruttering - stor nok til at det er mange moglegheiter internt – liten nok til at ein vert lagt merke til
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode lånevilkår på både bustad og bil i vår eigen personalbank
- Moglegheit for å bli medeigar i SpareBank 1 SMN gjennom eige tilsetteprogram
- Tilgang til firmahytter, sosiale arrangement og aktivitetar
- Ein arbeidsgjevar som er eigd av lokalsamfunnet – og som er opptatt av å gi tilbake til samfunnet og gjere regionen vår til ein betre stad å bu for oss alle: https://youtu.be/33pjzRECNoc
- En arbeidsgjevar som er opptatt av mangfald, inkludering, sosialt ansvar og berekraft: https://www.smn.no/bærekraft
Så, kven ser vi etter? Vi trur du har gode føresetnader for å lykkast hos oss viss du kjenner deg igjen i dette:
- erfaring frå HR og/eller organisasjonsutvikling
- erfaring med arbeid og rådgjeving mot leiarar og leiargrupper
- erfaring med rekruttering
- god forretningsforståing og grunnleggande forståing for pliktene våre som arbeidsgjevar
- relevant utdanning, gjerne innan organisasjon og leiing, HR eller økonomi
Høyres dette interessant ut? Då oppmodar vi deg om å søke, eller ta kontakt med
- Banksjef Marknad og fellesfunksjonar, Kari Melle, tlf. 402 02 840.
- Leder HR Forretningspartnere, Inga Marie Ekle, tlf. 936 39 926.
PS! Vi inviterer fortløpande til intervju, så ikkje nøl med å sende inn søknad!
NB! Vi gjer merksam på at det for enkelte stillingar hos SpareBank 1 SMN kan bli aktuelt å innhente ytterlegare informasjon om deg som kandidat. Vi gjennomfører kredittsjekk ved sakleg grunn, og for enkelte stillingar ber vi om politiattest i høve heimlar i lov om finansforetak og lov om forsikringsformidling samt stadfesting frå Brønnøysundregistra om at arbeidstakar ikkje er under konkurshandsaming, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Tilsettinga er avhengig av at det ikkje oppdagast forhold som er til hinder for utøving av stillinga.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: 6102 Volda
- Bransje: Bank, finans og forsikring, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Rådgivning, Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
Forretningspartner, HR, Leiarstøtte, Forretningsstrategi, Volda
- FINN-kode 341728161
- Sist endret