Utløpt

Kunderådgjevarar Privatmarked Direkte - Volda

Arbeidsgiver
SpareBank 1 SMN
Stillingstittel
Kunderådgjevar
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SpareBank 1 SMN

PM Direkte er hjartet i SpareBank 1 SMN, og grunnsteinen for at vi skal lykkast med å vere ein relasjonsbank med personleg, tilpassa rådgjeving og knallgode kundeopplevingar.

No søker vi nye kunderådgjevarar!

Hos oss vil du få eit skreddarsydd opplæringsløp. Vi ønskjer at du skal lykkast som rådgjevar OG gjere deg attraktiv for ei karriere i regionens leiande finanskonsern.

I tillegg til å gi deg eit utviklingsløp mot naudsynte og relevante sertifiseringar, er vi opptekne av å skape eit godt og triveleg arbeidsmiljø. 


Arbeidsoppgåver:

  • Ta imot innkomande førespurnader frå kundar som har utfordringar knytt til daglegbank, som til dømes innlogging i nettbank, Bank-Id, kort, konto, osb.
  • Økonomisk rådgjeving over telefon, chat og mail, der du finn gode løysingar ilag med kunden, tilpassa livssituasjon og framtidsplanar innan fagområda forsikring, lån, sparing og pensjon

 

Vi ser for oss at du:

  • gjerne har utdanning innan økonomiske og/eller administrative fag
  • har erfaring frå kunderetta arbeid - gjerne frå kundeservice eller rådgjeving
  • har eit ønske om å bli ein del av eit miljø der rask respons, kundeservice og rådgjeving kanalar står sentralt

Som person er du gjerne positiv, lærevillig, god på samarbeid og fleksibel.

 

Vi har spurt oss sjølve: Kvifor skal du som les denne annonsa ha lyst til å jobbe hos oss? Det har vi forsøkt å svare på:

  • Vi har ein kultur prega av meistring, engasjement, vilje til stadig forbetring og utvikling, læring og deling av beste praksis
  • Du får ein arbeidsgiver som er eigd av lokalsamfunnet, som er oppteken av å gi tilbake og å gjere regionen vår til ein betre stad å bu for oss alle!
  • Moglegheit til å bli medeigar i SpareBank 1 SMN gjennom eige tilsettprogram
  • Vi legg til rette for at du heile tida kan auke kompetansen din. Dette kan vere gjennom spanande prosjekt eller nye moglegheiter innad i konsernet. Vi er store nok til at det er mange moglegheiter internt, og små nok til at du blir lagt merke til.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eigen personalbank med gode prisar på lån for både bustad og bil
  • Tilgang til firmahytter, sosiale arrangement, aktivitetar og bedriftsidrettslag
  • Ein arbeidsgiver som er oppteken av mangfold, inkludering, sosialt ansvar og bærekraft: https://www.sparebank1.no/nb/smn/om-oss/bærekraft.html

 Les meir om Direktebanken her: https://www.sparebank1.no/nb/smn/om-oss/nyheter/her-hjelper-dei-bankkundar-fra-heile-noreg.html


Høyres dette interessant ut? Då oppmodar vi deg til å søke, eller ta kontakt med leiar for dagligbank Volda, Marius Søvik, på 476 47 635.

NB! Vi inviterer fortløpande til intervju, så ikkje nøl med å sende inn søknad! 

NB! Vi gjer seg merksam på at det for enkelte stillingar hos SpareBank 1 SMN kan bli aktuelt å innhente ytterlegare informasjon om deg som kandidat. Vi tek kredittsjekk ved sakleg grunn, og for enkelte stillingar ber vi om politiattest i henhold til heimlar i lov om finansforetak og lov om forsikringsformidling, samt stadfesting frå Brønnøysundregistera om at arbeidstakar ikkje er under konkurshandsaming, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Tilsetting avhenger av at det ikkje vert oppdaga tilhøve som er til hinder for å utføre jobben.

Om arbeidsgiveren

SpareBank 1 SMN er det ledende finanskonsernet i Trøndelag og på Nordvestlandet. Vi er lokalisert i 42 kommuner rundt omkring i regionen og har hovedkontoret vårt i Trondheim. Som lokal og selvstendig sparebank føler vi et spesielt ansvar for å stimulere til vekst og trivsel i regionen vår. Vår visjon "Sammen får vi ting til å skje" betyr at vi ønsker å skape resultater og utvikling i samarbeid med våre kunder, partnere og ildsjeler i lokalsamfunnet. Bærekraft og sosialt ansvar er en viktig del av vår identitet. Vi er til sammen 1700 ansatte som jobber med bank, eiendomsmegling og regnskap. Felles for ansatte er at vi alle brenner for å skape gode kundeopplevelser.

Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
6102 Volda
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Rådgivning,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi

Nøkkelord

Rådgjevar, Kunderådgjevar, Bank, Finans, Volda

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Olav Aalberg
Stillingstittel
Leder Dagligbank og kundeleveranser
Telefon
97 77 66 84
Følg firma
711 følger dette firmaet

6102 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode 341724757
Sist endret 7. apr. 2024 22:56

Rapporter annonse