Utløpt

Vil du hjelpe oss i arbeidet med å følgje opp språklova og språkpolitikken?

Arbeidsgiver
Språkrådet
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Frist
17.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med ansvar for rettleiing og tilsyn etter språklova

Vil du hjelpe oss i arbeidet med å følgje opp språklova og språkpolitikken? Har du erfaring med informasjons- og rettleiingsarbeid som har gitt god effekt? Då kan du vere den Språkrådet leitar etter. I avdelinga for språk i skole og offentleg forvaltning har vi ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar. Avdelinga har mellom anna ansvar for å rettleie offentlege organ om korleis dei skal etterleve språklova, og for tilsynet med bruk av bokmål og nynorsk i det offentlege.


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene i stillinga er å

  • utvikle metodar, verktøy og rutinar for å hjelpe offentleg sektor med å etterleve språklova
  • delta i arbeidet med å føre tilsyn med korleis statsorgan etterlever reglane i språklova
  • svare på spørsmål om språklova og språklege emne frå offentleg sektor og frå privatpersonar

Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga.

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant høgare utdanning minst på mastergradnivå eller tilsvarande, gjerne med juss, språk eller statsvitskap i fagkrinsen
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • god kompetanse i bokmål og nynorsk

Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse.


Vi legg vekt på

  • god samfunnsforståing
  • kjennskap til språkpolitikken
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • erfaring med tilsynsarbeid
  • erfaring med tekstarbeid og språkrådgiving


Personlege eigenskapar

Vi er på jakt etter deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har god rolleforståing
  • har sterk gjennomføringsevne og tar eigarskap til oppgåver frå start til slutt
  • kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • likar å dele kunnskap
  • kan utfordre oss


Vi tilbyr

Hos oss får du

  • interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit hyggeleg og sterkt fagmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • fagleg utvikling
  • moderne og trivelege kontorlokale sentralt i Oslo med innandørs sykkelparkering og kort veg til kollektivnettet i Oslo
  • subsidiert kantine
  • fleksibel arbeidstid
  • moglegheit for heimekontor (etter nærare avtale)
  • høve til å trene i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse


Vilkår

Stillinga blir lønna som rådgivar i stillingskode 1434, kr 548 600–624 500 (lønnstrinn 56–64), eller seniorrådgivar i stillingskode 1364, kr 604 900–679 700 (lønnstrinn 62–69), alt etter kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.


Språkrådet meiner at inkludering og mangfald i arbeidslivet gjer at vi kan utføre samfunnsoppdraget vårt på ein god måte. Difor ønskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).


Vi oppmodar søkjarar om å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.


Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentlege sjølv om dei har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.


Nærmare opplysningar om stillinga får du av avdelingsdirektør Margrethe Kvarenes på telefon 94 89 47 89.

Om arbeidsgiveren

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Språkrådet arbeider med å styrkje det norske språket og språkmangfaldet i Noreg og har ansvar for å følgje opp språka norsk (nynorsk og bokmål), norsk teiknspråk, kvensk, romanes og romani. Vi held til sentralt i Oslo og er rundt 40 tilsette.

Sektor
Offentlig
Sted
Observatoriegata 1 B, 0254 Oslo
Bransje
Juridiske tjenester,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Rådgivning,
Saksbehandler
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Tilsyn, Språk, Språkloven, Offentlig forvaltning, Språkpolitikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Margrethe Kvarenes
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Følg firma
173 følger dette firmaet

Observatoriegata 1 B, 0254 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 341368913
Sist endret 5. apr. 2024 15:44

Rapporter annonse