Utløpt

Vil du ta del i eit historisk eventyr og har erfaring innan naturvitenskap? Ja da søker vi nettopp deg!

Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet AS
Stillingstittel
ESG Rådgivar
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Engebø Rutile and Garnet AS er eit selskap i vekst og vi riggar oss for oppstart av produksjon hausten 2024. Difor treng vår dyktige leiar for miljø og berekraft , Ylva Wård, fleire hjelpande hender. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på. 

 

Vi søker etter ein ESG ressurs med bakgrunn innan naturvitenskap. ESG står for Environment, Social og Governance, og er ei samanslåing av HMSK og Yttre miljø arbeidet. Eit fagområde innan utvikling som bidrar på tvers av fleire fagområder.  

 

Stillinga si hovedoppgave er knytt til å følge opp eksisterande planar og tillatelsar med respekt på biologisk mangfald og berekraft.


Ei slik stilling vil alltid vere allsidig med variert arbeid både ute og inne, og vi skal arbeide saman som eit større team.


Arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovedsak vere:

  • Følge opp etablerte ESG planar
  • Rapportere og følge opp interne, eksterne og myndighetskrav i henhald til ESG
  • Bidra i utvikling av miljø- og samfunnsleiing i tråd med høge standardar
  • Bidra til måloppnåelse om nullutslipp av klimagasser og netto-gevinst for naturmangfald
  • Avvikshandtering
  • Rapportering knytta til ESG og TSM (Towards Sustainable Mining)


Ønska kvalifikasjonar:

  • Universitets utdannelse innom naturvitenskap eller tilsvarande
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på skandinavisk og engelsk skriftleg og muntleg
  • Førarkort for klasse B (Bil)


Spennande? Ja, då er det bare å hive seg rundt og sende inn ein enkel søknad. Om du er introvert eller ekstrovert spelar ingen rolle så lenge du har interesse for faget ditt, har lyst til å utvikle deg, og et sterkt ønske om å bidra til forbetring. Har du eit ønske om å ta del i dette unike mineraleventyret er det nettopp deg vi ser etter! 

 

Vi opptrer profesjonelt og er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal vere av dei beste på å utvikle leiarane våre, og har fokus på balansen mellom jobb og fritid. 

 

Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du ønsker å prioritere. 

 

Du vil ta del i eit rykande ferskt team, der alle startar med blanke ark. Vi er for tida ein gjeng på 28 tilsette frå 4 forskjellige kontinent med eit bredt spekter av bakgrunnar og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Noreg på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå oppstart av gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar! 

 

Vi skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag. 

 

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål til stillinga eller korleis det er å jobbe i Engebø Rutile and Garnet. Send gjerne ei henvending til vår "motsette referanse" Katarina, kontaktinfo finn du på engeboprosjektet.no/karriere. 

 

Arbeidsstad blir på Engebø i nytt og moderne administrasjonsbygg og produksjonshallar. 

 

Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?

Engebø Rutile & Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
6817 Naustdal
Bransje
Bygg og anlegg,
Industri og produksjon,
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
Rådgivning
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

miljø, sikkerhet, bærekraftig utvikling, kartlegging, naturviterne

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ylva Wård
Stillingstittel
Miljø og Berekrafts leiar
Følg firma
92 følger dette firmaet

6817 Naustdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 341349549
Sist endret 15. apr. 2024 15:48

Rapporter annonse