Utløpt

Norconsult Sogn og Fjordane søkjer brannrådgjevar

Arbeidsgiver
Norconsult
Stillingstittel
Norconsult Sogn og Fjordane søkjer brannrådgjevar
Frist
04.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Norconsult Norge AS

Vi styrkar vår satsing innan brannteknisk prosjektering og søker kunnskapsrik og engasjert brannteknisk rådgjevar til vårt kontor i Førde. Andre kontor i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle. Vi søker både erfarne og nyutdanna.

Norconsult i Sogn og Fjordane har om lag 80 tilsette, og utfører tenester innan dei fleste fagområde når det gjelder samfunnsplanlegging og prosjektering.

I vårt selskap er vi ca. 70 brannrådgjevarar som arbeider saman på prosjekt på tvers av kontor/geografi og som møtest på årlege fagsamlingar.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien "Rådgiverne" der vi gir deg et unikt innblikk i vår arbeidskvardag her: https://www.norconsult.no/radgiverne/

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Brannteknisk prosjektering og rådgjeving.

  • Utarbeiding av brannkonsept og brannteikningar.

  • Utarbeiding av fråviksdokumentasjon.

  • Simulering og analysar innan brann og redning.

  • Utarbeiding av brann- og sikkerhetsrelaterte risikoanalysar.

  • Synfaring med tilstandsregistrering og utarbeiding av tiltaksplanar.

  • Kontroll av brannteknisk prosjektering, utførelse og byggeplassoppfølging.

For oss er det viktig at du:

  • Har relevant utdanning på bachelor- eller masternivå.

  • Har god kjennskap til relevante forskrifter, rettleiingar og standardar.

  • Er fagleg nysgjerrig og er oppteken av god kvalitet.

  • Er kreativ og løysingsfokusert.

  • Bidreg til eit godt sosialt og fagleg miljø, og har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging.

  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

  • Har erfaring frå bruk med AutoCad eller Revit.

  • Er initiativrik, sjølvstendig og utadvendt.

  • Har godt humør og pågangsmot.

Hos oss får du:

  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine

  • Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag

  • Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.

  • Gode lønns- og arbeidsvilkår

  • Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Fadderordning og kompetanseutviklingsplan

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Fleksibel arbeidstid

  • Fri heile jule- og påskeveka

  • Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august

Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.

Kontaktpersonar for stillinga: Avdelingsleiar Førde Lars-Idar Vegsund, lars.vegsund@norconsult.com, tlf. 45404686, eller gruppeleiar brannteknikk Tommy Lundervold, tommy.lundervold@norconsult.com, tlf 92296351

Norconsult

Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet "Kvar dag gjer vikvardagen betre", søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovudkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 000 medarbeidarar fordelt på over 130 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades.

For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.

Om arbeidsgiveren

Gjennom nyskapende og målrettede råd har vi fokus på verdibasert samfunnsplanlegging, fremtidsrettede og bærekraftige løsninger. Årlig utføres over 20 000 oppdrag for offentlige og private kunder.

Sektor
Privat
Sted
Fjellvegen 11, 6800 Førde
Bransje
Bygg og anlegg,
Konsulent og rådgivning,
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ingeniør / VVS- og klimateknikk,
Konsulent,
Rådgivning
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

rådgiver, brannsikkerhet, brannrådgiver, konsulent, ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tommy Lundervold
Stillingstittel
Gruppeleder
Telefon
92 29 63 51
Følg firma
1815 følger dette firmaet

Fjellvegen 11, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 341332958
Sist endret 5. apr. 2024 11:32

Rapporter annonse