Utløpt

Mobilitetsrådgjevar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
18.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Vil du vere med å utvikle (morgondagens og) framtidas mobilitetstilbod i Vestland? Skyss arbeider kontinuerleg med å forbetre mobilitetstilbodet til dei reisande i Vestland fylke, og å utnytte dei samlaressursane våre best mogleg. Vårt samfunnsoppdrag er å utvikle eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggjarar og samfunn i Vestland. Ryggrada i eit berekraftig mobilitetssystem er det kapasitets sterke kollektivtilbodet med buss, bybane, båt og ferje. Kombinasjonen av faste linjer og fleksible tenester som til dømes bestillingstransport, kompletterer nettverket og bidrar til å auke kvaliteten, tilgangen og effektiviteten i mobilitetssystemet.

Vi treng ein vikar på laget for å vidareutvikle kollektivtilbodet og nye mobilitetstenester i Vestland. Hos oss vil du inngå i eit fagmiljø med oppgåver som femner om å utarbeide langsiktige planar for tilbodet, å vere pådrivar for å sikre nødvendig kollektivinfrastruktur, og å legge til rette for overgang til låg- og null utslepp løysingar i mobilitetssystemet. Oppgåvene er varierte, og med stor fagleg breidde. Vi søkjer deg som evner å tenke heilskapleg, har god prosessforståeing og ønskjer å bidra til gode kvardagsreiserfor oss som bur og reiser i Vestland.


Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar hos oss vil sentrale oppgåver vere:

  • Bidra i utarbeiding av strategiske planar for kollektivtilbodet på land og på sjø, og nye mobilitetsløysingar
  • Utarbeide ulike analysar og utgreiingar, saksgrunnlag og prosessdokumentasjon knytt til rutetilbodet
  • Bidra til god dialog med interessentar som kommunar og interesseorganisasjonar
  • Bidra til intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar

Oppgåvene vil bli utført i samarbeid med kollegaer og fleire fagmiljø i Skyss. Det er også mange grensesnitt til andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunar, leverandørar, andre samarbeidspartar, innbyggarar med fleire. Du vil få god moglegheit for fagleg utvikling, og til å byggje nettverk både internt og eksternt.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har

  • høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande, frå relevant fagområde (t.d. transportplanlegging, samfunnsplanlegging, samfunnsøkonomi),
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne.

Det er i tillegg ønskeleg at du har

  • erfaring frå transportplanlegging eller samfunnsplanlegging,
  • kunnskap og nyskjerrigheit for kva moglegheiter ny teknologi kan gje oss,
  • kjennskap til vestlandsregionen og kjennskap til offentleg forvalting.

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som

  • brenn for berekraftig utvikling av bygd og by,
  • er nysgjerrig, engasjert og resultatorientert,
  • arbeider faktabasert og analytisk,
  • kan jobbe sjølvstendig, har pågangsmot og evne til strategisk planlegging,
  • er omgjengeleg og trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap, og
  • bidreg til det gode arbeidsmiljøet.

Vi tilbyr

Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø, og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelegekollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi:

  • Moglegheit for å utvikle deg fagleg
  • Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
  • Fleksibel arbeidstidsordning og lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Arbeidsstad i Bergen eller Leikanger

Andre opplysningar

  • Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurdert, men då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Stillinga er eit vikariat i Vestland fylkeskommune
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på seks månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte
  • Offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: https://www.skyss.no/omskyss/jobb-i-skyss/

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging,
Planlegger,
Samfunnsviter
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kollektivtransport, samferdsel, samfunnsplanlegging, mobilitet, grønt skifte

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gudrun Einbu
Stillingstittel
leiar avdeling transporttilbod
Telefon
99 15 80 84
Kontaktperson
Einar Aalen Hunsager
Stillingstittel
leiar faggruppe tilbodsutvikling
Telefon
40 91 62 29
Følg firma
1061 følger dette firmaet

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 341224987
Sist endret 4. apr. 2024 12:41

Rapporter annonse