Utløpt

Pedagog på Gimle skule - inntil 400 % vikariat

Arbeidsgiver
Fyresdal kommune
Stillingstittel
Pedagog
Frist
10.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med FYRESDAL KOMMUNE

For skuleåret 2024/2025 er det ledig inntil 400 % vikariat som pedagog på Gimle skule. Storleik på stillinga kan tilpassast søkar. 

Vil du vere med å utvikle ein triveleg skule med Hamaren Aktivitetspark som næraste nabo? Brenn du for å engasjere born og unge til å utvikle seg sosialt og fagleg? Trivst du med ein aktiv arbeidskvardag der hovudfokuset er å ruste kommande generasjonar til å bli vinnarar i eigne liv? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!

Kvalifikasjonar: 

  • Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskule, pedagogisk bakgrunn og/eller erfaring frå arbeid i skulen
  • Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i fylgjande fag:
  • o    Engelsk 
  • o    Norsk 
  • o    Matematikk 
  • o    Tysk 
  • o    Ukrainsk
  • o    Musikk 
  • Gode digitale ferdigheiter – vi bruker Visma og Office 365

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning på ulike klassetrinn
  • Elevoppfølging - kontaktlæraransvar kan bli aktuelt
  • Spes.ped.-undervisning

Personlege eigenskapar 

  • Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar som tek initiativ til nye arbeidsmåtar
  • Du har eit positivt elevsyn og har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og løysingsorientert 
  • Du tek ansvar, er profesjonell, strukturert og overheld tidsfristar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er engasjert i leik og samhandling med barn

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Tilsettingsvilkår:

  • For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk. 
  • Den/dei som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringslova § 10-9. 

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring.

Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.

Om arbeidsgiveren

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

pedagog, grunnskole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anders Bergsland
Stillingstittel
Rektor
Mobil
97 73 41 52
Følg firma
9 følger dette firmaet

Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 340958645
Sist endret 2. apr. 2024 10:08

Rapporter annonse