![Helse Møre og Romsdal HF logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/561879909/iad_6092058375911534343helse_more_og_romsdal.png)
Lege i spesialisering, fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 18.03.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Lege i spesialisering, fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Vi har ledig 2 vikariat med 1 års varigheit for lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar med oppstart frå snarast.
Avdeling for Kvinnesjukdommar, barnemedisin og habilitering er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei flestegynekologiske og obstetriske problemstillingar i vår avdeling. Dette girlærerike og interessante arbeidsdagar. Vi har likevel ikkje like stor mengdepasientar som ved avdelingar ved universitetssjukehus og du må derfor tilteneste ved universitetssjukehus for å få mengdetrening på fødeavdeling ogoperasjonar ved gynekologisk avdeling og gynekologisk kreftavdeling. Vi har eitgodt arbeidsmiljø og vi jobbar tett saman, både vi legane oss imellom og samanmed anna sjukehuspersonell.
I 2021 hadde vi 14570pasientkontakter. Vi disponerer 28senger og hadde554døgnpasientar, 534dagbehandlingarog 10 470 polikliniske konsultasjonar.Vi har omtrent 1 300 fødslar perår. Vi har 11 spesialistar og 10 LIS3. Ein av overlegane og to LIS3 harPhDog enda ein overlege holder på med PhD.
Ved interne omrokkeringar kanandre stillingar bli ledige.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Arbeidskvardagen inneheld bl.a. visittgang ved gynekologisk sengeavdeling og føde/barsel. Det er dagleg høg poliklinisk aktivitet med både gynekologisk og obstetrisk poliklinikk. Vi har pasientar ved kreftavdelinga og kreftpoliklinikken vi ser til, og det er også mykje operativ aktivitet både ved operasjonsavdelinga og dagkirurgisk eining. Vi har planlagte operasjonar 3-4 dagar i veka ved sentraloperasjon og ein dag i veka ved dagkirurgisk eining
- Legar i spesialiseringgår 8-delt vakt. Vaktdøgnet er delt i to på kvardagane, medan det i helga er døgnvakt. Nattevakt på kvardagar starter kl 15.00 og var til 09.00 neste morgon. Fredagar startar nattevakta kl 14.30. I helgane varer vaktdøgnet frå 08.30 den eine dagen og til 09.00 neste dag. Det er ingen heile friveker, men fleire enkeltståande fridagar.
- Arbeidsplanen er stort sett lagt mot helg slik at ein får nokre langhelger fri. LIS har tilstadevakt, og grunna nasjonal føring «Eit trygt fødetilbod» har også bakvakt tilstadevakt for å vere i rask nærleik i dei tilfella kompetansen til vakthavande LIS-lege ikkje strekker til.
Kvalifikasjonar
- Meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga ellerturnustenesteetter gammal ordning
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og positiv
- Du er både teamorientert og sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår avoffentlegutdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.
Attesterttenestebevisfråtidlegarearbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon måleggastved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Her kan du bli bedre kjent med Ålesund: Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.Les meir om Ålesund og omland her
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege / LIS, Lege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
LIS, Lege i spesialisering, Gynekologi
- FINN-kode 340868141
- Sist endret