Utløpt

Landbruksrådgjevar

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Landbruksrådgjevar
Frist
10.03.2024
Ansettelsesform
Fast
Eininga Næring, Plan og Byggesak i Øystre Slidre kommune har ledig stilling som landbruksrådgjevar. Vår viktigaste oppgåve innan landbruksforvaltninga er å ta vare på landbruket, herunder areal- og produksjonsgrunnlaget, miljøet og naturgrunnlaget på ein berekraftig måte.
Øystre Slidre kommune er ei landbrukskommune med ca. 140 årlege søknadar om produksjonstilskot og ca. 125 søknadar om regionalt miljøtilskot (RMP). I Øystre Slidre er det både erfarne og nyetablerte gardbrukarar med gode idear og kreativitet. Det er eit sterkt grovfôrbasert husdyrmiljø i kommunen.
Vår noverande landbruksrådgjevar skal gå av med pensjon, og vi er på jakt etter ein erstattar. Me ser etter deg som har interesse for landbruket, natur og miljø, og som kan bidra til god kvalitet i kommunen sitt forvaltningsarbeid på dette området.


Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving og sakshandsaming etter landbrukslovgjevinga med forskrifter, her under blant anna jordlovsbehandlingar og konsesjonssaker
  • Rådgjeving, saksbehandling og kontroll innan tilskotsforvaltning
  • Næringsutvikling innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar
  • Miljøforvaltning, forvaltning av kulturlandskap og naturmangfald
  • Landbruksfagleg innspel i planprosessar og byggesak
  • Oppdatering av arealressurskart (AR5)
  • Utarbeide planar innan fagfeltet, til dømes beitebruksplanar og SMIL-strategiar

Kvalifikasjonar

  • Landbruksfagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå, relevant erfaring/praksis kan vega opp for utdanningskrav
  • Erfaring innan feltet er ynskjeleg
  • Kjennskap til aktuelt regelverk og offentleg forvaltning
  • Gode IKT og GIS-kunnskapar
  • Interesse for og vilje til å setja deg inn i og læra nye fagfelt
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, tydeleg løysingsorientert
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Engasjert og tek initiativ

Vi tilbyr

  • mange og varierte arbeidsoppgåver
  • kompetanseutvikling
  • nødvendig opplæring og rettleiing
  • godt samarbeid mellom fagfelt, med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • lønn etter avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Om arbeidsgiveren

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Bransje
Jordbruk og skogbruk,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Landbruk, Jordbruk, Saksbehandling, Øystre Slidre, Valdres

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tone Snortheim
Stillingstittel
Tenesteleiar næring, plan og byggesak
Telefon
41 55 43 47
Følg firma
21 følger dette firmaet

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Annonseinformasjon

FINN-kode 340321237
Sist endret 28. mar. 2024 12:28

Rapporter annonse