Utløpt

Er du ein samfunnsvitar med hjerte for offentleg forvaltning?

Arbeidsgiver
Kultur- og likestillingsdepartementet
Stillingstittel
Seniorrådgjevar/Rådgjevar
Frist
29.02.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet

Seniorrådgjevar/Rådgjevar

Om stillinga

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig ein fast stilling for ein samfunnsvitar som seniorrådgjevar/rådgjevar i avdeling for medier og kunst. Vi ser etter ein medarbeidar som skal jobbe i MK1, primært med mediepolitikk, men det vil og vere aktuelt å jobbe med andre oppgåver som ligg til avdelinga og departementet. 

KUD er eit relativt lite departementet prega av mykje offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar.


Arbeidsoppgåver

Dei redaktørstyrte media har ei viktig betydning for det offentlege ordskiftet, ytringsfridom og demokratiets funksjon. Mediefeltet er sterkt prega av teknologiske og marknadsmessige endringar, til dømes overgangen til digital teknologi og framveksten av sosiale medier. Dette gjer at mediepolitikken er eit utfordrande fagfelt, som heile tida er i endring. Du vil til dømes kunne bli satt til å bidra i vår oppfølging av departementets ansvar for å styrke befolkningas motstandskraft mot desinformasjon. Du vil òg kunne få oppgåver knytt til departementets arbeid med å utvikle relasjonen mellom dei store teknologiplattformane (som til dømes Facebook, Google og TikTok) og norske medier. I tillegg vil du jobbe med løpande saker på mediefeltet, til dømes utvikling av mediestøtteordningane, eigarstyring av NRK, internasjonalt samarbeide, taleskriving for politisk leiing og handsaming av pressesaker.


Kvalifikasjonar

Du må ha 

  • mastergrad i samfunnsfag, til dømes medievitskap eller statsvitskap, med gode resultat 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk 
  • minst to års yrkeserfaring med relevans for stillinga

Du treng ikkje ha forkunnskap om mediepolitikk, men du bør ha kjennskap til dei sentrale utviklingstrekka på mediefeltet og interesse for dei samfunnsmessige konsekvensane av denne utviklinga. 

Personlege eigenskapar:

  • evne til å jobbe sjølvstendig 
  • gjennomføringsevne 
  • gode samarbeidsevner 
  • analytiske evner 

Vi brukar Semac bakgrunnssjekk i våre rekrutteringsprosessar, og ansettelsen føreset godkjend bakgrunnssjekk av den som tilbydast stillinga.

Den som blir tilsett i stillinga må kunna autoriserast for tilgang til informasjon gradert BEGRENSET etter tryggingslova.


Vi tilbyr

Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.

Lønn frå 548 600 (ltr 56) til 679 000 (ltr. 69) kr brutto per år som rådgjevar eller frå 657 300 (ltr. 67) til 821 100 (ltr. 78) kr brutto per år som seniorrådgjevar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vere aktuelt.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en og med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av dei nemde kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvailifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).  

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen på telefon 907 95 192. 


Om avdelinga og seksjonen

Medie- og kunstavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta ytringsfridom, medium, pengespel, stiftingar, opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film, dataspel, musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk.

Avdelinga forvaltar lover og regelverk innanfor dei nemnde felta, og løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar på området. Avdelinga er samansett av tre seksjonar.


Om arbeidsgiveren

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, likestilling og diskriminering.
Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Samfunnsviter

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
1381 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 339945765
Sist endret 25. mar. 2024 12:48

Rapporter annonse