Utløpt

Sjukepleiar i pleie og omsorg - 100 % fast

Arbeidsgiver
Fyresdal kommune
Stillingstittel
Sykepleier
Frist
10.03.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med FYRESDAL KOMMUNE

Sektor for helse og omsorg søker sjukepleiar i 100 % fast stilling til pleie og omsorg. Stillinga er ledig frå 01.04.2024.

I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med "Leve hele livet"-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på viktigheita av god ernæring og eit variert tilbod om fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling. 

Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon. 

Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget!

Stillinga som sjukepleiar inneber:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver 
  • Klinisk arbeid med pasientar, grunnleggande pleie og medisinsk oppfølging og behandling 
  • Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar 
  • Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus 
  • Multidose- og generell legemiddelhandtering 
  • Assistere lege på legevakt ved behov

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

3. års sjukepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke! 

Vernepleiarar kan gjerne også søke, og kan bli vurderte i prosessen.

Vi søker ein person som:

  • Har fagleg dyktigheit
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Er utviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibel
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar.
  • Har brukar i fokus
  • Har stor arbeidskapasitet
  • Er ansvarsfull og stabil
  • Har gode digitale ferdigheiter
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:

  • Årsturnus, med moglegheit til å påverke eigen turnus
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale (16 års ansiennitet)
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
  •  Barnehageplass frå dag ein i kommunen

Tilsettingsvilkår:

•    Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk.

•    Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.

•    Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. 

•    Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.

Kontaktperson ved spørsmål: 

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar pleie- og omsorgssenter (POS), Gry S. Åmlid, på gry.bergland@fyresdal.kommune.no eller 90 77 08 30.

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for stillinga er 10.03.2024.

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Om arbeidsgiveren

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

sykepleier, sykehjem

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gry Åmlid
Stillingstittel
Avdelingsleiar pleie- og omsorgssenter (POS)
Mobil
90 77 08 30
Følg firma
9 følger dette firmaet

Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 339564454
Sist endret 22. mar. 2024 14:04

Rapporter annonse