Utløpt

Vil du bidra til å betre barn og unge sin kvardag?

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Oppvekstrettleiar
Frist
03.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Oppvekstrettleiar

Om stillinga

Oppvekstrettleiar er ei nyoppretta tverrfagleg stilling i Vaksdal kommune. Stillinga er 100% fast, og er eit samarbeid mellom tenesteområde oppvekst og tenesteområde helse og meistring.

Oppvekstreforma gjev kommunane ei plikt til å skape eit koordinert samarbeid på tvers av tenesteområde i den førebyggande innsatsen for barn og unge. Vi lyser derfor etter ein oppvekstrettleiar som saman med dei ulike tenestene skal drive eit godt førebyggande arbeid.  

Stillinga er plassert i avdeling for tverrfagleg helse.

Føresetnadar for godt førebyggande arbeid er barn og unge si medverknad, heilskapleg plan -og strategileiing, lokal mobilisering gjennom frivillig innsats, risikokompetanse og samarbeid på tvers. Ein oppvekstrettleiar vil arbeide saman med tenestene på alle desse områda.

Oppvekstrettleiaren skal slik samarbeide med alle tenestene som er relevante for born og unge, samt kunne rettleie både familiar og ulike tenester. 


Arbeidsoppgåver

 

  • Du skal vere vår drivkraft i arbeidet med å koordinere tenester i laget kring barn og unge.
  • Du inngår i fagmiljøet i tverrfagleg helse.
  • Delta i ulilke utviklingsprosjekt, nettverk, utval og team på det tverrfaglege området når det gjeld barn og unge.
  • Du skal ha ansvar for koordineringa av kommunen sitt tverrfaglege team knytt til den førebyggande temaplanen vår, Føre var. 
  • Du skal bidra inn i kompetanseutviklinga og rettleiing i alle tenestene i oppvekst og helse.
  • Som oppvekstrettleiar får du ansvar for å gjennomføre avgrensa oppdrag knytt til våre lågterskeltilbod.
  • Du skal vere ein brubyggjar og kontaktperson for skule og barnehage inn mot dei tverrfaglege tenestene.

Kvalifikasjonskrav

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning.
  • Interesse for det førebyggande feltet barn og unge og erfaring frå kommunal sektor er ein fordel.
  • Ynskjeleg med erfaring frå prosjekt-, plan- og/eller utviklingsarbeid.
  • Har gode munnleg og skriftlege norsk ferdigheter.

Det er viktig for oss at du

  • har evne til å bygge tillit og relasjonar til andre mennesker.
  • kan lytte og forstå andre sine utfordringar og ståstad. 
  • kan arbeida sjølvstendig, metodisk og kunnskapsbasert, samt vera kulturbyggjar for samhandling.
  • Ser moglegheitar for utvikling og nye måtar å løyse oppgåver på. 
  • Hjå oss er ingen dag lik så du må like høgt tempo og takle uforutsigbarhet.
  • Har evne til rettleie både enkeltindivid og grupper.
  • Ynskjer å vera med å byggja eit team av sjølvstendige fagfolk som skal arbeida heiltheitleg om felles utfordringar.
  • Personleg eigenskapar vil bli særleg vektlagt.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 
  • Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus 
  • Spanande og utfordrande stillingar 
  • Gode og kvalifiserte fagmiljø 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gratis parkering

Om arbeidsgiveren

Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i.
Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.

Sektor
Offentlig
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Omsorg og sosialt arbeid,
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
June Eide Viken
Stillingstittel
Avdelingsleiar for tverrfagleg helse
Telefon
48 88 03 12
Følg firma
28 følger dette firmaet

Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Annonseinformasjon

FINN-kode 339557144
Sist endret 22. mar. 2024 13:08

Rapporter annonse