Rådgjevar PM Måløy
Sparebanken Vest
- Frist 18.02.2024
- Ansettelsesform Fast
Vårt lag er i ferd med å byggje ein bank som Vestlandet ville vore litt fattigare utan. Er du vår nye rådgjevar??
Vi utvidar vårt kontor i Måløy og søkjer no etter ein dyktig rådgjevar som har lokal tilhøyrsel, kjennskap til og relasjonar/nettverk i området.
Vi er interessert i deg som har stor grad av eigen drivkraft uansett kva du driv med i dag, og ønskjer å være med å bygge ei karriere som finansiell rådgivar i eit framoverlent finanshus her på Vestlandet. Du leverer eineståande kundeopplevingar innanfor sal og rådgjeving der du jobbar i dag, og du trivs med å ha resultatansvar for din egen portefølje i kvardagen.
Vi ønskjer kandidatar som jobbar i andre bransjar velkommen til å søke på stillinga om noko av det nemnte treffer deg!
Kva skal du gjere?
Gode relasjonar til kundane våre er det viktigaste vi har. Som rådgjevar vil din hovudoppgåve i Sparebanken Vest vere å byggje gode og langsiktige relasjonar til kundar, og jobbe aktivt og smart med sal og rådgjeving for å sikre nye. I ei tid med store endringar og høge forventningar frå kundane, vil tett oppfølging og kvalitet i leveransane bli enda viktigare. Som kunderådgjevar vil typiske arbeidsoppgåver være:
- Bygge og utvikle relasjonar til nye og eksisterande kundar - herunder forvalte og utvikle eigen portefølje, inkludert utgåande salsaktivitet. Du må like å ha resultatansvar for eigen portefølje.
- Sal og rådgjeving innan kreditt, sparing og plassering, forsikring og andre banktenester både i telefonmøte, videomøter og fysiske møter i bankens lokalar
- Bidra i den daglege drifta av kontoret
Kven er vår nye kunderådgivar?
Vi trur du har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskole (finans/økonomi/administrasjon) og at du kan vise til erfaring frå sal og rådgjeving med gode resultat. Du har sterk interesse for finansielle produkt og tenester og kredittfagleg kunnskap. For å lukkast må du ha stor forståing og engasjement for menneske, rådgjeving og sal. Om du er lærevillig og setter krav til eigen framdrift, vil du ha stor glede av spennande utviklingsmoglegheiter for din kompetanse i ein av Vestlandets ledande organisasjonar.
Vi trur du vil trivast godt som rådgjevar om du er:
- God på behovsavklaring, og å finna dei rette og gode løysningane for kundane
- Proaktiv, sjølvstendig, engasjert
- Kontaktskapande og relasjonsbyggande, både eksternt og internt
- Ein som får energi av å skape og bidra til gode resultat for seg sjølv og teamet, med god kvalitet
- Er ein som liker eit høgt tempo og innhaldsrike dagar
- God å kommunisera, både skriftleg og munnleg
Det er eit krav til alle kunderådgjevara i SPV å vere autorisert i sparing og investering, kreditt, person- og skadeforsikring. Det er eit ønskje at søkjarar er ferdig autorisert, men dette vil vere et krav banken legga til rette for å tileigna seg.
Vi oppfordrar både personar med bankerfaring og personar i nærliggande yrker som inneheld kreditt/rådgjeving/sal om å søke på stillinga hos oss.
Kvifor Sparebanken Vest?
Det viktigaste karrierevalet du tar, er laget du velje å spele for. Lagfølelsen påverkar korleis vi har det, lagfølelsen er sjølve fundamentet for trivsel, meistringsfølelse og personleg utvikling. Vårt lag er i ferd med å byggje ein bank som Vestlandet ville ha vore litt fattigare utan. Vårt mål er å byggje Noregs Beste Sparebank og vi vil ha deg med på laget!
Arbeidsstad:Måløy
Kva no?
Me håpar denne stillingsteksta traff nettopp DEG og vi gledar oss til å motta søknaden frå deg.
Vi gjer oppmerksam på at det kan bli krevje framlegging av ordinær politiattest etter politiregisterloven § 40 og bekrefting frå Brønnøysundregistrene om at du ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Dette vil gjelde forstillingar etter finansforetaksloven §§ 16-12 første ledd b) og 16-12 andre ledd.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: 6700 Måløy
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Salg, Kundeservice
- FINN-kode 338242153
- Sist endret