Har du lyst til å jobbe hos oss i sommar?

Arbeidsgiver
Brønnøysundregistrene
Stillingstittel
Ferievikarar
Frist
18.03.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Ferievikarar

Om stillinga

Brønnøysundregistera treng di hjelp til å gjere viktige oppgåver og har fleire ledige stillingar som ferievikar.


Arbeidsoppgåver

  • saksbehandle rekneskap
  • registrere og kontrollere meldingar
  • svare på telefonar og handtere bestillingar frå kundar

Kvalifikasjonar

Du må

  • ha fullført vidaregåande opplæring
  • beherske bruk av PC som arbeidsverktøy godt
  • ha god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg

Det er fint om du også har

  • relevant praksis innanfor området

Personlege eigenskapar

  • du må like å jobbe saman med andre og vere positiv til dei arbeidsoppgåvene som må gjerast

Vi tilbyr

Vi treng ferievikarar i perioden mai-september 2024.

Stillingane er lønna med etterskotsvis timelønn i ltr. 31-40  i Statens regulativ (kr. 203,74 - 224,35 pr. time rekna ut frå ansiennitet). Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di.

Arbeidstida er i perioden 15.05. - 14.09. måndag-fredag kl. 0800-1500. Resten av året er arbeidstida 0800 - 1545. Du må rekne med å arbeide noko overtid på ettermiddag og laurdag.

Vi ber om at du opplyser når du kan tiltre og kor lenge du kan jobbe. 


Inkludering og mangfald er viktig for oss

Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Bu i Brønnøysund 

Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr - uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.


Verd å merke seg før du søker

Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din. 

For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. (https://www.nokut.no/utdanning-fra-utlandet/) 


Ta gjerne kontakt

Dersom du har spørsmål om stillingane, kan du ta kontakt med Kari-Anne H. Amundsen tlf. 971 98 845 og Einhild Evensen tlf. 926 21 296.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no


Om arbeidsgiveren

Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer kontakten med det offentlege enklare for alle. Vi driv mange av landet sine viktigaste register og har 430 medarbeidarar.
Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også medarbeidarar i Narvik og Oslo.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
25
Sted
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Bransje
IT,
Organisasjoner,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
119 følger dette firmaet

Havnegata 48, 8910 Brønnøysund

Annonseinformasjon

FINN-kode 338232768
Sist endret 30. jan. 2024 12:02

Rapporter annonse