Utløpt

Prosjektleiar, LitFestBergen

Arbeidsgiver
Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur
Stillingstittel
Prosjektleder
Frist
11.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Prosjektleiar, LitFestBergen

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) presenterer norsk og internasjonal litteratur av høg kvalitet. Festivalen er kjenneteikna av eit litterært, språkleg, kulturelt og geografisk mangfald, og etter seks år er vi godt etablert. Heilårsstaben består av festivalsjef og to medarbeidarar, i tillegg samarbeider vi med staben på Litteraturhuset i Bergen, der vi har kontor. Vi har eit dedikert styre og nyttar aktivt innspel og idear frå vårt nasjonale og vårt internasjonale kunstnariske råd. Festivalen har eit veksande internasjonalt nettverk, og satsar særskilt på å skape ein møteplass for norsk og internasjonal litteratur. LitFestBergen nyttar nynorsk eller engelsk i all kommunikasjon.

 

Noverande medarbeidar tar til sommaren over som dagleg leiar på Litteraturhuset og vi søker derfor prosjektleiar i 100% fast stilling.

 

Oppgåver

Budsjettarbeid, søknad- og rapportskriving

Programarbeid i samarbeid med festivalsjef og andre kollegaer

Kommunikasjonsarbeid

Andre oppgåver kan tilkomme stillinga ut frå behova til festivalen og interessene til den aktuelle kandidaten.

 

Kvalifikasjonar

Erfaring frå prosjektleiing innan litteratur/kulturverksemd

Nøyaktig og fleksibel

God datakunnskap, spesielt Excel

Særs gode språklege evner på nynorsk og engelsk

Høgare utdanning

Stor arbeidskapasitet


Ønska kvalifikasjonar

Erfaring frå kommunikasjonsarbeid (t.d. Adobe-pakka og sosiale medium)

Nettverk i norsk og internasjonalt litteraturmiljø

Kunnskap om andre språk utover engelsk

 

Vi tilbyr

Fleksibel arbeidstid

Stor grad av sjølvstende

Kreativt og ope arbeidsmiljø

Moglegheit for nasjonale og internasjonale reiser

Løn etter avtale

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Organisasjoner
Sted
Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen
Bransje
Event og arrangementer,
Forlag og trykkeri,
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Utøvende kunst,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

litteratur, bøker, festival, internasjonalt, Bergen

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Teresa Grøtan
Stillingstittel
Festivalsjef
Mobil
92 28 85 50
Kontaktperson
Hjørdis Losnedahl
Stillingstittel
Daglig leder
Mobil
92 23 09 92
Følg firma
15 følger dette firmaet

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 338119441
Sist endret 11. mar. 2024 15:04

Rapporter annonse