Er du ein geolog med interesse for gruvedrift og feltarbeid? Då er dette stillinga for deg!

Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet AS
Stillingstittel
Geolog/Geoteknikar
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Engebø Rutile and Garnet AS er eit selskap i vekst og vi riggar oss for oppstart av produksjon hausten 2024. Difor treng vår engasjerte geologi- og ressursleiar, Steinar Kleppe, fleire hjelpande hender. Ei stilling hos oss gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på. 


Prosjektet består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil (titandioksid) og granat. I tillegg til mineralprodukta rutil og granat vil det bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineraler. Produkta vil i hovudsak bli eksportert. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til omlag 40 år og vil kreve rundt 100 tilsette.  

Ei stilling som geoteknikar eller geolog vil vere allsidig med variert arbeid både ute og inne, på kontor og laboratorium. Vi skal arbeide saman som eit geologi/gruve-team.

 

Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:  

  • Prøvetaking og prøvehandtering for kvalitetskontroll i dagbrot 
  • Geoteknisk og bergmekanisk overvaking og kartlegging 
  • Bistå teamet i planlegging og vurdering av produksjon av malm og gråberg 
  • Systematisering av relevante data og oppfølging av QA/QC-systemet 
  • Prøveinnsamling for oppfølging av miljøkrav tilknytt gruvedrifta 
  • Bistå i å kontinuerleg auke den geofaglege forståinga av førekomsten 

 

Ønska kvaifikasjonar og erfaring:  

  • Bachelor innan geologi og/eller geoteknikk/bergmekanikk
  • Noko praktisk erfaring frå fagfeltet kan vere ein fordel
  • Beherske bruk av IT verktøy i arbeidskvardagen
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk skriftleg og muntleg.
  • Førerkort Kl B


Om du er ung, gammal, mann, kvinne eller kvar du er i frå spelar ingen rolle! Vi heiar på mangfald, og vil oppfordre alle kvalifiserte til å søke uansett kultur og tenkemåte då vi ser på dette som viktig for nytenking, utvikling og kvalitet i vårt arbeid.

Arbeidstad blir på Engebø i splitter nye kontor og produksjonsbygg! Arbeidstida er per no dagtid.

 

Vi opptrer profesjonelt og er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal vere av dei beste på å utvikle leiarane våre, og har fokus på balansen mellom jobb og fritid. 

 

Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du ønsker å prioritere. 

 

Du vil ta del i eit rykande ferskt team, der alle startar med blanke ark. Vi er for tida ein gjeng på 28 tilsette frå 4 forskjellige kontinent med eit bredt spekter av bakgrunnar og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå oppstart av gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar! 


Vi skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag. 


Spennande? Ja, då er det bare å hive seg rundt og sende inn ein enkel søknad. Om du er introvert eller ekstrovert spelar ingen rolle så lenge du har interesse for faget ditt og har ønske om å utvikle deg!

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål til stillinga eller korleis det er å jobbe i Engebø Rutile and Garnet. Send gjerne ei henvending til vår "motsette referanse", kontaktinfo finn du på engeboprosjektet.no/karriere. 

 

Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?

Engebø Rutile & Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Engebø, 6817 Naustdal
Bransje
Industri og produksjon,
Kjemisk industri,
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

mineralutvinning, geologi, naturvitenskap, gruvedrift, Nordic Mining

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Steinar Kleppe
Stillingstittel
Geologi -og ressursleiar
Mobil
98 81 13 24
Nettverk
LinkedIn
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
92 følger dette firmaet

Engebø, 6817 Naustdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 338073548
Sist endret 4. apr. 2024 09:44

Rapporter annonse