Utløpt

Kunderådgjevar med særskild ansvar for kundereise og kundeoppfølging

Arbeidsgiver
Sogn Sparebank
Stillingstittel
Kunderådgjevar Kundesenter
Frist
14.02.2024
Ansettelsesform
Fast

Me søkjer kunderådgjevar med særskild ansvar for kundereise og kundeoppfølging.

Stillinga er plassert i banken sitt kundesenter. Kundesenteret er første kontaktpunkt mellom kundane og banken og hovudansvaret vårt er å hjelpe nye og eksisterande kundar med bank i kvardagen. Teamet er sett saman av ein gjeng med engasjerte og fagsterke medarbeidarar som saman med resten av  banken kvar dag gjer sitt beste for at det skal vere sutalaust å vere kunde hjå Sogn Sparebank.


Dine arbeidsoppgåver

  • Innkommande og utgåande samtalar
  • Handsame spørsmål og saker frå kundane på ein rask og korrekt måte
  • Sal og aktiv kundeomsorg
  • Formidle digitale løysingar til kunden
  • Onboarding av nye kundar og avtalar
  • Antikvitvaskoppgåver
  • Antisvindeloppgåver
  • Bidra til felleskapen ved å ta ansvar for eige arbeid, dele kompetanse og hjelpe andre i teamet.
  • I tillegg får du særskilt ansvar for å utvikle og følgje opp kundereisa og den enkelte daglegbankkunde.


Me ynskjer at du

  • er kundefokusert og er oppteken av å skape dei beste kundeopplevingane
  • er ein god formidlar  
  • har erfaring med kundebehandling på telefon, mail og sosiale media
  • har gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • har god forståing og interesse for privatøkonomi og har orden i eigen økonomi
  • har høg etisk standard, er nøyaktig, arbeidsam og kvalitetsbevisst
  • har relevant høgare utdanning
  • har kunnskap innan forsikringsområdet eller er interessert i å lære
  • er oppdatert på digitale løysingar
  • tek endringar på strak arm og er ivrig etter å tileigne deg ny kompetanse


Me tilbyr

  • Ein spennande arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø
  • God oppfølging
  • Konkurransedyktige vilkår, mellom anna svært gode pensjonsordningar
  • Kontorstad Sogn, med mogelegheit til å jobbe frå alle banken sine kontor


Har du spørsmål?

For spørsmål og meir informasjon om stillinga kan du kontakte leiar kommunikasjon og kundeopplevingar, Ragnhild Skahjem Tofastrud, tlf. 480 01 430 eller rst@sognbank.no

Send søknad med CV til iin@sognbank.no innan 14. februar. 

Om arbeidsgiveren

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt område. Me kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre, i tillegg til å tilby eit komplett produkt- og tenestespekter både for bedrifter og privatpersonar.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
5745 Aurland
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Kundeservice,
Kvalitetssikring
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kundeservice, bank, sal, kundepleie, lokalbank

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ragnhild Skahjem Tofastrud
Stillingstittel
Leiar kommunikasjon og kundeopplevingar
Mobil
48 00 14 30
Kontaktperson
Ingeborg Indrelid
Stillingstittel
Leiar stab
Mobil
47 24 40 89
Følg firma
19 følger dette firmaet

5745 Aurland

Annonseinformasjon

FINN-kode 337681235
Sist endret 8. mar. 2024 15:04

Rapporter annonse