Utløpt

Lærerstillinger i Klepp kommune fra 01.08.2024

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Lærerstillinger i Klepp kommune fra 01.08.2024
Frist
05.02.2024
Ansettelsesform
Fast

Frå 1. august 2024 er det ledig fleire lærarstillingar. Mesøker etter dyktige og engasjerte pedagogar med godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen.

Det kan vere behov for alle fag i grunnskulen

Fleire skular i kommunen er partnarskapsskular for grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.

Klepp kommune har eit godt etter- og vidareutdanningstilbod.

Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra, med redusert undervisningsplikt 1. året i tråd med sentral avtale.

I skulane vil det bli ledig heil- og deltidsstillingar. Utlysinga gjeld både fast tilsetting og vikariat.

Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.

Arbeidsstad

I Klepp kommune er det er seks barneskular, to ungdomsskular, ein kombinert barne- og ungdomsskule og kulturskule. Klepp kommune samarbeider med Time kommune om Vardheia ungdomsskule. Kleppelunden skule vil stå ferdig i august 2024. Kommunen har i tillegg språkstasjon ved Kleppe skule og Orstad læringssenter med alternativt opplæringstilbod.


Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse

Skule / Rektor / Mobilnummer

Bore skule, rektor Jorun Beate Fylkesnes 938 95074
Bore ungdomsskule, rektor Harald Tolo 952 24374
Engelsvoll skule, rektor linda Refvik 997 09603
Klepp ungdomsskule, rektor Sigurd Ravndal 928 68154
Kleppe skule, rektor Sylvia Gjersdal 928 39767
Kleppelunden skule, rektor Kariann Leikanger 984 34386
Orre skule, rektor Kenth Magne Åsebø-Trodal 907 90216
Orstad skule, rektor Randi Harveland 412 92877
Tu skule, rektor Vibeke Sola 402 88 726

Ta kontakt med rektor på den einskilde skule for nærmare opplysning om kompetansebehov.

Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju ved den einskilde skule

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest

Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.

Personlege eigenskapar

  • du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane
  • du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega
  • du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar
  • du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson
  • du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
  • du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
  • du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel
  • du samarbeider og kommuniserer godt. Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk

Søknad

Søknadsskjema finn du ved å klikke på "Søk på stillinga"

Søknadsfrist er 05.02.24.

Om arbeidsgiveren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er "Med blikk for alle".  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
15
Sted
4350 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vigdis Vatne
Stillingstittel
skulesjef
Telefon
98 82 55 97
Følg firma
244 følger dette firmaet

4350 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 334964144
Sist endret 16. feb. 2024 19:28

Rapporter annonse