Utløpt

Lærarstillingar i Time kommune frå 01.08.2024

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Lærarstillingar i Time kommune frå 01.08.2024
Frist
05.02.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
Elevane våre har lyst på livet og evne til å meistra det!

Time kommune søker lærarar som vil vera med på utviklinga av dei ti skulane våre framover, og som ønsker ein spanande og variert arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er: Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for den enkelte eleven slik at me når visjonen vår om at elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.

Arbeidsoppgåver

Hos oss vil du vera del av eit fellesskap som har eit profesjonsfagleg fokus på læring og utvikling. Frå skuleåret 24/25 vil felles fokus i Timeskulenvera god undervisningsplanlegging og læreplanforståing. To andre område som det blir jobba med på skulane er lesing på 1.-7. trinn og elevane sin medverknad.

Det store oppdraget og målet er at elevane skal fullføra vidaregåande opplæring for vidare utdanning og arbeid. Sjølv om det kan vera langt fram til elevane skal fullføra vidaregåande opplæring, er kvar dag ein god dag for livet her og nå, og eit grunnlag for at elevane skal lukkast når dei går vidare. Formålet i skulen er danning og utdanning, og dette ansvaret kan ikkje leiinga og lærarane bæra åleine.På alle skulane i Time har ein eit tverrfagleg team "Laget rundt læraren og eleven", som består av sosialrådgjevar, spesialpedagogisk koordinator, operativ sosialfagleg ressursperson, helsesjukepleiar og PPT-kontaktperson. Laget samarbeider tett i arbeidet med førebyggande tiltak, og bistår tilsette med å løysa utfordringar.

Timeskulane er ein del av Jærskulen saman med skulane i Hå, Gjesdal og Klepp. Her driv me framtidsretta skulesamarbeid i partnarskap saman med ressurs personar ved UiS i forskingsprosjektet Partners in Practice, der ein nyttar dialogisk undervisning som metode for å auka elevane sin medverknad og motivasjon.

Kvalifikasjonar

Faglege behov er lærarar med godkjent lærarutdanning, lærarar med undervisningskompetanse på 1.-4. trinn, lærarar med fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, språkfag, naturfag, praktisk estetiske fag, spesialpedagogikk og pedagogisk bruk av læringsteknologi. Det er også behov for rettleiarkompetanse for studentar og nyutdanna.

Personlege eigenskapar

Me søker etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som blir initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter lærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar.

Hos oss får du

Arbeida saman med dyktige kollegaer i team
Arbeida på skular som er digitalt oppdatert i gode skulebygg
Som nyutdanna lærar rettleiing i 2 år, der siste året er i grupper på tvers av skulane på Jæren.
Tilbod om etter- og vidareutdanning.

Me har ti skular i kommunen, av desse er fire ungdomsskular og seks barneskular. Dersom du ønsker å prioritera kva skule eller skuleslag du søker til, skriv du dette i søknaden.

Meir informasjon om skulane finn du på nettsida til Time kommune.

Me krev politiattest for tilsetting i skulen.

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Lærer, grunnskule, undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Monica Aga
Stillingstittel
Rådgjevar oppvekst
Telefon
97 61 51 59
Følg firma
607 følger dette firmaet

Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 334919178
Sist endret 16. feb. 2024 13:48

Rapporter annonse