Utløpt

Vil du bli lærar i Hå kommune?

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Lærer
Frist
05.02.2024
Ansettelsesform
Fast

Hå kommune har ledige lærarstillingar i alle skulane frå 1.8.2024, både faste stillingar og vikariat. Skriv gjerne ønske om skule, fag og stillingsprosent i søknaden.


Hå kommune er ein god arbeidsplass for deg som vil undervise i grunnskulen. Me har oppdaterte læreverk etter ny læreplan, og godt digitalt utstyr til elevar og tilsette. Fleire av skulane har nye eller oppgraderte skulebygg.


Skulane våre er veldrivne og prega av samarbeidskultur. Du vil få god opplæring og rettleiing som ny. Nyutdanna lærar får rettleiing i to år. Det første året med nedsett tid og eigen rettleiar på skulen, det andre året i grupper på tvers av skular. Over tid kan du søke om vidareutdanning for å bygge på din undervisningskompetanse.


Skulane i Hå, er saman med Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen. I Jærskulen står me sterke saman som ein region som vil utvikle skulane våre til det beste for elevane. Kommunen samarbeider og med næringsliv og Ungt entreprenørskap for å gjere undervisning enda meir relevant og spennande for elevane.


Åtte av våre ni grunnskular ligg langs jernbanen, og det er perfekt viss du ønsker å pendle med tog. Vil du bruke bil, har me gratis parkering ved alle skulane våre.


Kvalifikasjonar og kompetanse

Dersom du har godkjend utdanning for å undervise i grunnskulen og relevant fagkompetanse, kan du søke arbeid hos oss. Me er på jakt etter engasjerte lærarar som har evne til å formidle, samarbeide, skape dialog, bygge relasjonar og til å lede klassar og grupper.


Skule / Rektor / Mobilnummer

Bø skule, Ingrid Marie Særheim 415 32 694

Høyland skule, Milrid Nygård 916 74 837

Motland skule, Synnøve Helleren Malmin 901 32 555

Nærbø ungdomsskule, Linda Hadland Forsmo 920 17 187

Ogna skule, Helge Håland 415 32 615

Varhaug skule, Johan Omland 415 32 693

Varhaug ungdomsskule, Kris Medhus Georgsen 906 90 132

Vigrestad skule, Ingrid Vold 930 97 130

Vigrestad storskule, Seri Refsnes 415 32 656


Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest

Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Om arbeidsgiveren

Hå kommunes administrasjonssenter ligger på Varhaug, ca. 40 minutter med tog fra Stavanger. Kommunen har 19 600 innbyggere, velfungerende skoledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbud og levekår. I tillegg til et rikt og variert kultur- og idrettstilbud finner man flotte tur- og friluftsområder. Hå kommunes visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønsker oss medarbeidere som kan identifisere seg med vår visjon og våre verdier!

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
15
Sted
Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

undervisning, pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tommy Knudsen
Stillingstittel
Skulesjef
Mobil
99 28 48 45
Følg firma
202 følger dette firmaet

Rådhusgata 8, 4360 Varhaug

Annonseinformasjon

FINN-kode 334894917
Sist endret 16. feb. 2024 11:04

Rapporter annonse