Utløpt

IT-rådgjevar Luster Sparebank

Arbeidsgiver
Luster Sparebank
Stillingstittel
IT-rådgjevar
Frist
28.01.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Luster Sparebank

Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar, korte avgjerdsvegar og lokal avgjerdsmynde står i sentrum. Me er ein menneskeorientert bank som tilbyr kundane våre gode digitale sjølvbeteningsverktøy i kombinasjon med personleg service.

Banken samarbeider med sju andre norske sparebankar gjennom selskapet De Samarbeidande Sparebankar (DSS). Gjennom DSS får banken tilgang til eit større fagmiljø innan IT, i tillegg til felles innkjøpsavtalar og forvaltning av desse med ulike IT-leverandørar.

For å styrke banken sin kompetanse og satsing på teknologiområdet søkjer me no etter ein IT-rådgjevar. Som IT-rådgjevar vil du bli involvert i arbeidsprosessar på tvers av organisasjonen, både ved å yte intern støtte og ved å bistå i å effektivisere arbeidsprosessar ved å ta i bruk ny teknologi og utvikle digitale verktøy.

Stillinga vil omfatte administrasjon, utvikling og støtte av både programvare og maskinvare. Kva rolle, ansvar og arbeidsoppgåver du får vil kunne tilpassast etter kva erfaring og kompetanse du har.


Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Forvaltning og drift av PC/klientar, nettverksinfrastruktur og anna maskinvare
  • Administrere brukarar og einingar i mellom anna Microsoft Entra ID og on-prem AD
  • Forvaltning av system for banktenester
  • Forvaltning av system for IT-drift
  • Oppfølging av IT-leverandørar
  • Intern brukarstøtte og feilhandtering
  • Delta i prosjektgrupper på tvers av organisasjonen
  • Delta i vidareutvikling av rutinar og verktøy for mellom anna informasjonssikkerheit og digital robustheit
  • IT-rådgjevar rapporterer til Leiar IT og digitalisering


Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning
  • Relevant arbeidserfaring, men me oppfordrar og nyutdanna til å søkje
  • Gjerne kjennskap til ein eller fleire av følgjande område: Microsoft 365, nettverksdrift, drift av PC og maskinvare, systemforvaltning, informasjonssikkerheit, cybersikkerheit, Dynamics 365, bank.
  • God generell kunnskap i bruk av IT-verktøy og digitale løysingar


Personlege eigenskapar

Me søkjer etter ein nysgjerrig og initiativrik person med god digital og forretningsmessig forståing. Du er løysingsorientert og god til å kommunisere, og har i tillegg ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede. Evne til å arbeide både sjølvstendig og til å samarbeide med andre for å nå felles mål. Du må vere interessert i og flink til å tileigne deg ny kompetanse.


Me kan tilby

  • Ein bank som brenn for gode kundeopplevingar og positiv utvikling i bygdene og lokalsamfunna me er ein del av
  • Eit arbeidsmiljø prega av godt samhald og kultur, god stemning og stå-på-vilje
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst. Banken har 28 tilsette og har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster kommune. Banken skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med visjonen - "Saman når me måla dine!".

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Øyagata 2, 6868 Gaupne
Bransje
Bank, finans og forsikring,
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT drift og vedlikehold / IT-support,
IT utvikling / IT-sikkerhet

Nøkkelord

ikt, ikt-brukerstøtte, drifting av it systemer, it, microsoft 365

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Andreas Fristad Hop
Stillingstittel
Leiar IT og digitalisering
Telefon
57 68 23 36
Mobil
46 97 07 36
Kontaktperson
Jermund Lien Molland
Stillingstittel
Banksjef
Telefon
57 68 23 11
Mobil
90 84 83 35
Følg firma
1 følger dette firmaet

Øyagata 2, 6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 334776826
Sist endret 15. feb. 2024 15:28

Rapporter annonse