Brenn du for eit berekraftig landbruk?
- Arbeidsgiver
- Statsforvalteren i Rogaland
- Stillingstittel
- Rådgivar/seniorrådgivar - miljøutfordringar i landbruket
- Frist
- 21.01.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Rådgivar/seniorrådgivar - miljøutfordringar i landbruket
Om stillinga
Landbruksavdelinga hos Statsforvalteren i Rogaland har ansvar for at nasjonal politikk blir formidla og følgt opp i fylket. Landbruksavdelinga skal bidra til å nå nasjonale landbrukspolitiske mål, der matsikkerheit, auka verdiskaping og berekraftig landbruk står sentralt.
Brenn du for eit berekraftig landbruk? Har du kompetanse innan jord- og miljøfag, eller naturmangfald? Likar du samarbeid og prosjektarbeid? Då er kanskje DU vår nye kollega?
For det er i Rogaland det skjer! Vi er store på matproduksjon, av både frukt, grønsaker og animalske produkt. Dyktige bønder og ein stor leverandør- og foredlingsindustri, er grunnlaget for Matregion Rogaland. Parallelt med å produsere kvalitetsmat skal vi også arbeide for miljøverdiar, som reint vatn, naturmangfald og betre klima. Viktige tema som du, saman med landbruksnæringa, kommunar, ulike FoU-miljø og gode kollegaer skal arbeide med.
Vil du vere med på laget, og bli med i eit erfarent utviklingsteam?
Landbruksavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar - miljøutfordringar i landbruket.
Arbeidsoppgåver
- bidra til å nå målet om eit meir berekraftig jordbruk
- følgje opp regionalt miljøprogram (RMP) og andre miljøordningar
- følgje opp miljøkrav i regelverk for jordbruksdrift, særleg gjødselvareregelverket
- følgje opp arbeidet med klimaomstilling i jordbruket
- igangsette og følgje opp faglege utgreiings- og samarbeidsoppgåver innan miljøfeltet
- gi fagleg støtte til kommunane
- delta i ulike fora eksternt og samarbeide med andre regionale etatar
- saksbehandle enkeltsaker
- samarbeide på tvers i embetet
Andre oppgåver kan vere aktuelle avhengig av behov, kvalifikasjonar og kompetanse
Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som:
- har relevant utdanning helst på mastergradsnivå. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant erfaring
- har kunnskap og erfaring frå landbruket, og og helst med miljøspørsmål i landbruket
- er flink til å kommunisere munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- du har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
- du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Du må vere førebudd på å måtte reise ein del i fylket, og delta i møte og arrangement utanom normal arbeidstid.
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Vi tilbyr
- lønn som rådgivar, kr 570 000 - kr 680 000 pr år, lønn som seniorrådgivar kr 600 000 - 740 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
- gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk
- nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling varierte, interessante og viktige oppgåver
- triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
Spørsmål om stillinga
Du får nærare opplysningar hos landbruksdirektør Monica Dahlmo, mobil nr. 456 52 833, monica.dahlmo@statsforvalteren.no eller ass. direktør Anfinn Rosnes, mobil nr. 481 47 213, anfinn.rosnes@statsforvalteren.no
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
- Bransje
- Offentlig administrasjon,
- Annet
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler,
- Agronom
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Monica Dahlmo
- Stillingstittel
- landbruksdirektør
- Telefon
- 45 65 28 33
- Kontaktperson
- Anfinn Rosnes
- Stillingstittel
- ass. direktør
- Telefon
- 48 14 72 13
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger