Pedagogisk leiar FFO/Sportsleg leiar barnefotball
Fotballklubben Voss
- Frist 5.1.2024
- Ansettelsesform Fast
Fotballklubben Voss søkjer etter ny medspelar
Fotballklubben Voss søkjer etter ny medspelar!
Fotballklubben Voss har over 100 år med fotballhistorie å forvalte, og er kjend som ein tradisjonsrik klubb i Hordaland med ca. 550 aktive spelarar. Klubben held til på eit flott anlegg i Prestegardsmoen og er eigar av to kunstgrasbanar og brukar av 2 grasbanar. I 2023 flytta me inn i nye Voss Idrottshus plassert midt i anlegget, og kan byggje klubben vidare derifrå, med fotballen som næraste nabo.
Fotballklubben Voss er sertifisert som Kvalitetsklubb nivå 1 og ynskjer å vidareutvikla det breide og gode aktivitetstilbodet me har i dag. . I 2016 starta klubben opp Fotballfritidsordning (FFO) gjennom NFF sitt samarbeid med Telenor – Telenor Xtra FFO. Gjennom åra har ein auka deltakarar frå 50 til over 100 born i veka. Tilbodet er for born frå 3.-7. klasse, 4 dagar i veka (måndag til torsdag).
Me søkjer no ein person som kan fylle rolla som «Pedagogisk leiar FFO og Sportsleg leiar barnefotball»
Stillinga er 2-delt, som pedagogisk leiar for FFO vil du m.a. vera ansvarleg for planlegging, innhald og gjennomføring av tilbodet, samt ha personalansvar for dei andre instruktørane. Som sportsleg leiar i barnefotballen vil du mellom anna ha hovudansvar for å følgje opp grupper, lag og trenarar. Vidare vil du saman med Sportsleg leiar ungdom- og senior, vera med på å skapa den «raude tråden» i fotballaktiviteten i FBK Voss.
Kvalifikasjonar
- Brennande interesse for fotball og frivilligheit
- Relevant pedagogisk utdanning
Erfaring kan vega opp for manglande utdanning
- Minimum NFF Grasrottrenarutdanning (UEFA C-lisens) eller starte/fullføre denne utdanninga snarast mogleg
- Du må kunna kommunisera godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- Krav til gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Initiativrik, strukturert og tydeleg.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Utadvendt og relasjonsskapande.
- Stor arbeidskapasitet.
- Brennande engasjement for å skape aktivitets- glede og meistring hjå born
Personlege eigenskapar vert vektlagt!
Sentrale arbeidsoppgåver, lista er ikkje uttømmande
FFO:
- Planlegging, gjennomføring, evaluering og vidareutvikling av tilbodet
- Oppfylgjing av deltakarar og foreldrekontakt
- Personalansvar og oppfylgjing av instruktørar
- Budsjett og økonomistyring (i samarbeid med økonomiansvarleg/DL)
- Sportsleg leiar barn
- Hovudansvarleg barnefotball, mellom anna oppfølging, lag, grupper og trenarar 6-12 år
- Andre administrative oppgåver i klubbdrift då særleg knytt mot barnefotball
Stillinga vert utlyst som ei 100 % fast stilling
Løn og tiltreding etter avtale
Spørsmål kan rettast til;
Styreleiar i FBK Voss: Roger Hovland, telefon 913 75 009
Dagleg leiar i FBK Voss; Hallgeir Finbråten, telefon 951 71 488
Søknadsfrist: 05.01.2024
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Me er ein av bygdas store medlemmsorganisasjonar, som bidrar til å aktivisere born, ungdom og vaksne i bygda, heile året igjennom.
Vårt viktigaste og største arrangement er Voss Cup, som med sine omlag 700 deltakarlag er Noregs største barnefotballturnering.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Idrottsvegen 13, 5700 Voss
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Trener / Personlig trener, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Voss er best kjend som ei vintersportbygd, men er absolutt ei perle for sommaraktivitet! (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 332659134
- Sist endret


