Kommunikasjonsrådgivar - eksterne relasjonar
Norges Handelshøyskole (NHH)
- Frist 07.01.2024
- Ansettelsesform Fast
NHH søker erfaren kommunikasjonsrådgivar med driv og initiativ
Kommunikasjonsrådgivar - eksterne relasjonar
Om stillinga og avdelinga
Vi søker ein initiativrik relasjonsbyggar med innsikt i og erfaring frå å jobbe med samfunnsaktørar og næringsliv og som har erfaring frå kommunikasjonsarbeid. Du har evne til å kombinere strategisk forståing og operasjonelle handlingar.
NHH har en rekke samarbeid med næringsliv, organisasjonar og andre samfunnsaktørar. Samarbeida er organisert gjennom våre forskingssenter, i prosjekter eller i sentraliserte partnaravtalar. Vi har også kortvarige samarbeid knytt til enkeltprosjekt.
Vi søker deg som kan vere ein drivande bidragsytar til at vi får optimalisert kommunikasjonsflyten i våre samarbeid. Arbeidsoppgåvene er varierte, med ei spennvidde frå synleggjering til koordinerande aktivitetar.
Stillinga som rådgivar for partnarkommunikasjon inngår i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, som har 17 tilsette.
Hovudoppgåver
- kommunikasjonsfagleg oppfølging av NHHs samarbeid med næringsliv og andre samfunnsaktørar, samt bidrag til arbeid med alumni
- rådgivar for forskingssentrenes aktivitetar innan formidling og samspel med nærings- og samfunnsliv med særleg vekt på DIG (Digital Innovation for Growth)
- operative oppgåver som å skrive redaksjonelle tekstar og publisere innhald i ulike kanalar
- koordinere faglege bidrag og publisere innhald frå arrangement og møteplassar
- ta initiativ til arrangement og utvikle samarbeid med NHHs partnarar og andre aktørar
Du må regne med endringar i arbeidsoppgåver over tid.
Kvalifikasjonskrav
- utdanning på masternivå (relevant realkompetanse kan i unntakstilfelle erstatte utdanningskravet)
- minimum tre års relevant erfaring
- svært gode kunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- evne til å skrive redaksjonelle tekster
- god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjonsevner
- smidig og initiativrik relasjonsbyggar med gode samarbeidsevner
- utviklingsorientert med evne til å kombinere strategisk forståing og operasjonelle handlingar
- strukturert, målretta og med høy gjennomføringsevne
- trivst med varierte utfordringar, høgt tempo og knappe fristar
NHH kan tilby
- varierte faglege utfordringar
- gode utviklingsmoglegheiter
- eit godt arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstidsordning
- gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no)
- inkluderande arbeidsliv
- velferdsgode som subsidiert trening, bedriftshytte og gratis parkering
Stillinga har kode 1434 - rådgivar og er lønna etter lønnsregulativet til staten med kr 615 000 - 700 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. I tillegg betalar NHH for tida 10 prosent i pensjonsinnskot.
Generell informasjon
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med seniorrådgivar ved Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, Sigrid Folkestad, E: sigrid.folkestad@nhh.no, M: 915 76 892.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Høg kvalitet, solid etisk standard og innsats for felles mål pregar all verksemda vår. Høgskolens kjerneverdiar engasjert, open og ambisiøs står sentralt for tilsette og studentar.NHH – for deg som vil noko meir!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Helleveien 30, 5045 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Journalist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 332012356
- Sist endret