Produktutvikler mekanisk
Eide Fjordbruk
- Frist 1.1.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du ta del i å setja standarden for framtidas havbruk?
Me søker produktutvikler mekanisk
Me vil revolusjonera næringa, og korleis me produserer berekraftig sjømat for vår og framtidas generasjonar. I Eide satsar me og utviklar banebrytande havbruksteknologi. Me har gitt den namnet Watermoon. Har du lyst til å bli ein avgjerande brikke for at Watermoon blir ein suksess? Prosjektet har hatt stor framdrift, og me er klare for å styrke laget.
Watermoon er ei lukka teknologisatsing som vil la opp produsera sjømat på ein ny måte der me har kontroll på innsatsfaktorar. Gjennom Watermoon Vision vil bruk av sensorar og dataanalyse gjere at me kan tilpasse produksjonen på ein måte som aldri før har vore mogeleg, og bane veg for eit enda meir berekraftig havbruk.
Om rolla
I Eide vil du ha ei viktig rolle for å setje standarden for framtidas havbruk. Saman med resten av teamet skal du omsetja strategiske satsingar til konkrete teknologiar. Dette skal resultere i lønsame produkt og løysningar, og oppfylling av Eide sine strategiske satsingar. Målet er berekraftig havbruk basert på fornybare ressursar og dei naturgitte forholda i fjord og hav.
Arbeidsoppgåver inkluderer:
- Detaljera og visualisera nye løysingar, konsept og komponentar.
- Bidra til optimalisering og forbetring av design på eksisterande komponentar og funksjonar i Watermoon-eininga
- Delta i innovasjon og teknologiutvikling saman med både operasjonelle og tekniske ressursar i bedrifta/prosjektteam, og bistå til at ideane blir skissert og gjort om til konsept
- Samarbeide med andre ressursar som utfører FEM-analysar og statiske berekningar for å sørge for at designet oppdateres iht. beregningsresultantane
- Vera rådgjevar og ressursperson i val av materialar, installasjonar, utstyr og verktøy
- Identifisera moglegheiter og avgrensingar i konsept og design, og gi konstruktive innspel
- Delta i utvikling, testing og vidareutvikling av prototypar og komponentar fram til ferdig produkt
- Vere ein støttespelar for disiplinleiar design og prosjektleiar ved å bidra til å sikra ønska kvalitet, tid og kostnader i prosjekt
- Vere ein aktiv sparringpartner for disiplinleiar design og prosjektleiaren i veival og evaluering av prosjekt
- Bistand til å hente ut illustrasjoner av produkt og komponenter i forbindelse med markedsføring og søknadsarbeid
Produktutvikler mekanisk rapporterer til disiplinleiar for design. Watermoon er ein av dei største strategiske satsingane i Eide si historie, og du vil ha høve til gode utviklingsmogelegheiter som fylgje av spennande nybrotsarbeid og ei verksemd i sterk vekst.
Ynskte kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan relevant fagfelt, til dømes maskiningeniør, ingeniør innan produktutvikling mekanisk eller industriell designer. Kompetanse innan/forståelse for produksjonsprosessar innan ein eller flere av følgande: PE, stål, tekstil og kompositt.
Fordel med kjennskap til programvare som Inventor, Solidwork og lignende.
Personlege eigenskapar
For å lykkast i rolla er det viktig at du:
- Handlar på eiget initiativ, får ting til å skje og tar ansvar
- Trivast med ulike typer oppgåver og variasjon i arbeidskvardagen
- Samarbeider godt med andre; deler kunnskap, erfaringar og gjer støtte
- Gjennomfører planar, og oppnår gode resultat
- Er systematisk, planlegg framover og gjer klare prioriteringar
- Analyserer problemstillingar effektivt og tar gode faglege vurderingar
- Produserer nye og innovative idéar og løysningar
Kvifor bli ein del av team Eide?
Hos oss vil du arbeide med høgteknologi på sjø, og ditt fagfelt vil vere heilt sentral for verksemdas framtidige suksess. I Eide tør me å satse, både på visjonar og på folk. Fagmiljøet i verksemda er i dag lite, men i sterk vekst. Dette gjer at du vil ha veldig gode mogelegheiter for vekst og utvikling hos oss.
Me har eit motto: Det viktigaste er å ha det gøy. Me har eit veldig godt arbeidsmiljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Som tilsett hos oss vil du komme inn i ei verksemd med stor grad av utvikling og innovasjon, og du vil vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid.
I Eide har me fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me gode forsikringar og pensjonsordning. Du vil ha tilgang på moderne kontorfasilitetar både i Bergen og ved hovudkontoret i Eidestøa.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter.
Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med Discipline lead Design Kristoffer Hermansen på tlf. 905 38 097.
For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Sandviksboder 5, 5035 Bergen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Mekanisk
Nøkkelord
Ingeniør, Mekanisk, Produktutvikler, industriell designer
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331927227
- Sist endret


