Utløpt

Vil du bli ein samfunnshelt og arbeide for demokrati, rettstryggleik og felles kulturarv?

Arbeidsgiver
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
07.01.2024
Ansettelsesform
Fast

Vi er ei offentleg eigd kommunal verksemd som arbeider innan utvikling, kompetanse og dokumentasjonsforvaltning. Vi forvaltar dei historiske arkiva for 24 kommunar i Vestland fylke.

 

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein person til utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagmiljø i endring. Stillinga vil omfatte varierte oppgåver og sjølvstendig oppgåveløysing på høgt fagleg nivå samt mykje utretta kontakt.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna:

  • Vere kontaktperson / kundeansvar for ei handfull kommunar.
  • Rettleie desse i gjennomføringa av arkivlova og forskriftene sine krav og intensjonar.
  • Gje fagleg rådgjeving innan arkiv, digitisering, digitalisering og dokumentasjonsforvaltning.
  • Drive opplærings-, kurs- og informasjonsarbeid ovanfor kommunane.
  • Utvikle rutiner og planar for kommuane innan fagfeltet. 
  • Deltaking, planlegging og prosjektleiing av regionalt og nasjonalt utviklingsarbeide innan fagfeltet.
  • Sakshandsaming og samordningsansvar av innsynsførespurnadar.
  • Hjelpe kommunar med deponering av arkiv og uttrekk av elektroniske system.


Kvalifikasjonar

  • Minimum 5 årig U/H utdanning innan relevante fag, gjerne med IKT-/arkivfag i fagkrinsen. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • Krav om relevant og fortrinnsvis 3-5 års erfaring frå tilsvarande arbeide/roller.
  • Krav om kjennskap til standardar og lov- og forskrifter som regulerer offentleg dokumentasjonsforvaltning.
  • Krav om kjennskap til kommunal forvaltning.
  • God -IT-dugleik og -kunnskap, gjerne migering og databasekunnskap. 


Personlege eigenskapar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Ynskjeleg at du beherskar båe målformene.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, være initiativrik, og å følgje opp fastsette mål.
  • Evne til å kunne kommunisere og formidle kunnskap tydeleg, både til grupper og enkeltpersonar.
  • Evne til å argumentere godt for faglege vurderingar.
  • Er trygg og trivest i ei rolle med mykje dialog med kommunane.
  • Evne til å spele kollegaer gode.
  • Trivast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø med noko fysisk arbeide.


Anna

Stillinga vil medføre reiseaktivitet og søkjarar må ha førarkort og kunne køyre bil.

Utdanning frå utlandet må vere godkjend av NOKUT.


Vert du tilset hjå oss tilbyr vi deg

  • Utfordrande arbeidsoppgåver frå fyrste arbeidsdag.
  • Samarbeid med eit nasjonalt kompetansemiljø.
  • Kompetente kollegar i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheit for fagleg og personleg utvikling, eige kompetansebudsjett.
  • Fleksibilitet i høve bruk av heimekontor.
  • 7,5 timars arbeidsdag med fleksitid, betalt reisetid og betalt lunsjpause.
  • Gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i KLP.
  • Medlemskap i bedriftshelseteneste.
  • Vi dekkjer mobiltelefon og mobildata.


Anna informasjon

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista i høve offentleglova § 25. Søkjarar vert varsla om dette i forkant.

Stillinga er plassert i lønnspennet 562 000 – 709 600,- avhengig av erfaring og kompetanse. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.


Om arbeidsgiveren

Interkommunalt arkiv Hordaland IKS er eit selskap eigd av 24 kommunar i Vestland fylke. Vi er ei kompetanseverksemd innan arkiv, data og dokumenthandtering og forvaltar papirbasert og digitalt arkiv for eigarane. Vi sysselset for tida 15 årsverk og har kontor i opent kontorlandskap.

Vi held saman med Bergen Byarkiv på Kalfaret i Bergen.

Sektor
Offentlig
Sted
Kalfarveien 82, 5022 Bergen
Bransje
Arkiv og bibliotek,
IT,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
IT utvikling / Database,
Rådgivning

Nøkkelord

kundeansvar, digitalisering, dokumentforvaltning, arkivfag, historiske arkiv

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Lothe
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
41 41 21 38
Kontaktperson
Knut Kjosås
Stillingstittel
Fagleiar
Mobil
91 81 80 87
Følg firma
1279 følger dette firmaet

Kalfarveien 82, 5022 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 331922639
Sist endret 19. jan. 2024 14:12

Rapporter annonse