Virksomhetsarkitekt IKT
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 5.1.2024
Virksomhetsarkitekt IKT
Vil du vere med på å forme morgendagens sjukehus?
Helsesektoren i Noreg og globalt står overfor betydelege utfordringar, men samstundes opnar det seg store moglegheiter. Korrekt utnytting av digitale løysingar og teknologi er ein avgjerande faktor for å meistre desse utfordringane. Ved Helse Møre og Romsdal legg vi vekt på å utvikle brukarvenlege løysingar som gjer kvardagen enklare for pasientar, pårørande og tilsette, samtidig som dei er kostnadseffektive og frigjer ressursar.
Avdelinga for e-helse og teknologi omfattar IKT, Helseplattformen, Medisinsk teknologi og innovasjon. Dette er ein sentral del av Helse Møre og Romsdal si satsing på digital transformasjon, der oppgåver og kompetanse vil utviklast i takt med teknologiske framsteg både i føretaket og regionen.
No søkjer vi etter ein dyktig IKT-rådgjevar med funksjon som virksomhetsarkitekt som kan leie IKT-arkitekturarbeidet i føretaket. Du vil få høve til å samarbeide tett med andre virksomhetsarkitekter i regionen, i tillegg til å bidra aktivt i våre lokale utviklingsteam. Dette gir deg ein unik sjanse til å forme framtidas digitale helseløysingar i tråd med våre ambisjonar og behovene til våre pasientar.
Stillingaer ledig frå snarast og startdato kan avtalast.
Ver venleg å laste opp dine attestar og vitnemål i søknaden
Arbeidsoppgåver
I funksjon som virksomhetsarkitekt vil du byggje ditt arbeid både på eigen og andres forståing av helsetenesta og dei ulike IT-systema vi har. I samarbeid med andre verksemds- og løysingsarkitektar i regionen vil du vere med på å:
- Halde seg oppdatert på den nyaste teknologien og digitale trender, og sjå etter nye moglegheiter for innovasjon innan arkitekturfeltet.
- Delta aktivt i Helse Møre og Romsdal sine initiativ knytte til digital transformasjon og teknologisk utvikling.
- Leie og koordinere IKT-arkitekturarbeidet i tett samarbeid med andre virksomhetsarkitekter og utviklingsteam i regionen.
- Utvikle og implementere overordna strategiar for digital arkitektur i tråd med Helse Møre og Romsdal sine målsetjingar og behov.
- Samarbeide med ulike interessentar, inkludert leiing, IT-personale og klinisk personale, for å identifisere behov og sikre effektiv implementering av teknologiske løysingar.
- Evaluere eksisterande systemer og arkitektur for å identifisere moglegheiter for forbetring og optimalisering.
- Gi fagleg rettleiing og støtte til prosjektteam i utvikling og implementering av IT-løysingar
Kvalifikasjonar
- Utdanning: Relevant høgare utdanning innan IT, informatikk eller tilsvarande er naudsynt.
- Erfaring: Erfaring med å leie arkitekturarbeid i komplekse IT-miljø er eit klart fortrinn.
- Analytiske evner: Sterke analytiske ferdigheiter er nødvendige for å evaluere eksisterande systemer og identifisere område for forbetring.
- Kommunikasjonsevner: Utmerka samarbeids- og kommunikasjonsevner, både på teknisk nivå og med ikkje-tekniske interessentar, er essensielt for effektiv samarbeid.
- Teknologisk oppdatering: Evne til å halde seg oppdatert på den nyaste teknologien og digitale trendar er viktig for å sjå og utnytte nye innovasjonsmoglegheiter.
- Prosjekthandtering: Evne til å handtera fleire prosjekt samtidig og levere i tråd med stramme tidsfristar er ein viktig kompetanse i denne rolla.
Personlege eigenskapar
- Initiativrik: Evne til å ta initiativ og handle proaktivt for å identifisere og løyse utfordringar.
- Sjølvstendig: Sjølvstendig og drivande, med evne til å arbeide effektivt sjølvstendig og i team.
- Lærevillig: Kontinuerleg ønskje om å utvikle seg fagleg og halde seg oppdatert på den nyaste utviklinga innanfor arkitekturfeltet.
- Kreativitet: Evne til å tenkje kreativt for å finne innovative løysingar og bidra til ein positiv arbeidskultur.
- Ansvarsbevisst: Ansvarsbevisstheit for å sikre leveranse i tråd med kvalitetsstandardar og tidsfristar.
- Engasjert: Engasjement for å bidra til suksessen til Helse Møre og Romsdal og forbetre helsetenesta gjennom effektiv bruk av teknologi.
Den rette kandidaten vil vere lidenskapeleg oppteken av å forma framtidas digitale helseløysingar og bidra til suksessen til Helse Møre og Romsdal sin digitale transformasjon og personleg egnaheit blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein spennande moglegheit til å leie og forma IKT-arkitekturarbeidet i ein dynamisk og viktig sektor.
- Moglegheit til å vera med å skapa ein betre helseteneste.
- Eit godt arbeidsmiljø i eit høgkompetent team
- Lønn og vilkår etter avtale
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sted: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: IT drift og vedlikehold, IT utvikling, Systemarkitekt
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331890812
- Sist endret