Fagkoordinator
Bufetat
- Frist 8.1.2024
Fagkoordinator
Stavanger Akuttsenter, avdeling Røyneberg, har ledig fast 100% stilling som fagkoordinator. Arbeidstid er for tida på dagtid (fleksitid). Oppstart snarast og etter avtale.
Stillinga inneber i stor grad oppfølging av miljøterapeutar med grunnlag i rettleiingsmodellen for Standardisert forløp akutt. Ein vil også motta jevnleg rettleiing frå regional rettleiar, og delta på samlingar i regi av Spisskompetanse miljøet for akutt.
Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg, tek imot ungdom plassert etter lov om barnevern §§ 4-1, 4-2/§ 4-12. Vi har totalt plass til 3 ungdomar i alderen 13-18 år. Ungdomane bur på institusjonen til akuttsituasjonen er avklara, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utreiing og kartlegging i høve til eventuelle vidare tiltak. Senteret har 2 institusjonsavdelingar og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar; ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.
Stavanger Akuttsenter byr på spennande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt og har eit godt fagmiljø. Vi tilrettelegg for utvikling, rettleiing og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Stavanger Akuttsenter legg til grunn eit traumebevisst perspektiv med målsetting om å stabilisera den akutte situasjonen.
- Rettleiingsmodellen for Standardisert forløp akutt sett rammar/stuktur for det miljøterapeutiske arbeidet. Fagkoordinator har eit særskild ansvar for å ivareta og implementera rettleiingsmodellen, i samarbeid med avdelingsleiar ved avdelinga.
- Kvalitetssikra at avdelinga jobbar i høve til gjeldande lovverk, faglege standarder samt senteret sitt verdigrunnlag.
- Utarbeiding og oppfølging av fagleg planarbeid i samarbeid med ungdom og tiltaksansvarlege.
- Rettleiing av miljøpersonale i fag, metode og verktøy.
- Samarbeid med familie og nettverk, kommune, skule, helse og andre viktige instansar. Fagkoordinator har rolla som helse- , skule- og familieansvarleg ved avdelinga.
- Det kan også leggast til andre arbeidsoppgåver til rolla som fagkoordinator, som vil vere relevant i høve til fagleg drift.
Kvalifikasjonar
- For tilsetting i stillinga som fagkoordinator er det krav om treårig relevant høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar tilsvarande 180 studiepoeng.
- Det vert krevd lang relevant erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i institusjon med barn/ungdom. Eksempelvis innan barnevern, rus eller psykisk helse.
- Krav til god munnleg og skriftleg framstillingsevne, samt kunne jobba sjølvstendig med skriftleg arbeid.
- God kunnskap i bruk av digitale verktøy i dokumentasjonsarbeidet.
- Krav til gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeidsevner.
- Førarkort klasse B.
- Det er ein fordel med relevant master eller vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, som til dømes innan rettleiing eller barnevern.
- Det er vidare ønskeleg med erfaring frå traumebevisst omsorg, samt høg barnevernsfagleg forståing.
- Det er ønskeleg med god kunnskap om barns rettar i barnevernsinstitusjon.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er god til:
- å ta ansvar og er strukturert samtidig som ein ivaretek/rommar ungdomane og deira behov.
- å følge opp aktuelle ansvarsområder i tråd med dei til einkvar tid gjeldande føringar og til å samarbeide i team.
- å analysere utfordringar og vurdera forslag til løysing.
- strukturell planlegging og oppfølging med målsetting om å fremme mestring.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom eller 1508 vernepleier: kr 466 600 - kr 604 900 pr. år (ltr. 45-62).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarende 60 studiepoeng, kan det tilsettas i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1509 spesialutdanna vernepleier: kr 524 700 - kr 657 300 pr. år (ltr. 53-67), eller 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog: kr 532 200 - 657 300 pr. år (ltr. 54 - 67).
- Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan vurderast for særskild kvalifiserte kandidatar.
- Inkludering og mangfold er en styrke og gjør at vi kan løse oppgavene våre enda bedre. Derfor ønsker vi oss medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaringer og perspektiver. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst én i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du trenger det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikke avkrysningene til noe annet enn anonymisert statistikk.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tjenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
- Sted: 4052 Røyneberg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagkoordinator
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331768519
- Sist endret