Rådgjevar ved seksjon for HR og service
Universitetet i Bergen
- Frist 03.01.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar
Rådgjevar ved seksjon for HR og service
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar ved seksjon for HR og service ved Det humanistiske fakultet
Arbeidar du sjølvstendig, men er også glad i teamarbeid? Likar du forbetringsarbeid, har god arbeidskapasitet og set pris på ein variert arbeidskvardag med blanding av rutineoppgåver og komplekse problemstillingar? Då er dette kanskje stillinga for deg!
Vi søkjer ein dyktig og engasjert person til fast stilling som rådgjevar ved seksjon for HR og service ved fakultetssekretariatet, Det Humanistiske fakultet, med oppstart 1. januar 2024 eller så snart som råd etter.
Seksjonen si oppgåve er å yte god fagleg service til dei fire institutta og to sentra ved fakultetet, samt til leiinga og dei andre tilsette ved fakultetsadministrasjonen. Vi søkjer deg som i samarbeid med andre drives av å finne frem til gode løysingar innanfor rammene av sentralt og lokalt avtaleverk. Seksjonen sine oppgåver famnar bredt om heile fagområdet HR og personalforvaltning, og vi ynskjer en person som er framoverlent og blir motivert av å jobbe med varierte problemstillingar. Til stillinga ligg også oppgåver knytt til utredningsarbeid og framlegg for leiing og styrer.
Vi kan tilby utfordrande oppgåver som vert løyst i samarbeid med vitskapelege miljø og kollegaer på seksjonen. Ønsker du å bidra til å fremme kvaliteten i arbeidet i ein stor og spennande organisasjon og løyse utfordringar i samarbeid med høgt kvalifiserte vitskaplege miljø, tar vi gjerne imot din søknad!
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene i stillinga famnar om heile bredda av personalforvaltning og HR, i tillegg til strategisk leiarstøtte, rådgiving og utrednings- og prosjektoppgåver. Dette inkluderar personaladministrasjon og saksbehandling innanfor seksjonens ansvarsfelt - frå rekruttering av nye medarbeidarar i vitskaplege og administrative stillingar til avvikling av arbeidsforhold. Dette krev tett samarbeid med både vitskaplege tilsette, administrative tilsette og instituttleiingar. Som rådgjevar vil du ha ein viktig funksjon, ikkje berre i rekrutteringsprosessar, men også i andre HR-relaterte sakar. Du vil også kunne bryne deg på utfordrande problemstillingar knytt arbeidsrelaterte forhold på tvers av landegrenser.
Som rådgjevar hos oss vil du i tillegg til saksbehandling også drive leiarstøtte og rådgjeving i ulike problemstillingar som er aktuelle for institutta vi ytar tenester for. Du vil også ha moglegheita til å delta i utviklingsoppgåver innanfor seksjonens arbeidsområde.
Den som vert tilsett i stillinga vil også arbeide med utrednings- og prosjektoppgåver på tvers av administrative fagfelt, førebuing av saker for tilsetjingsråd og fakultetsstyret og følgje opp vedtak i tillegg til leiarstøtte og rådgjeving innan sentrale fagfelt for seksjonen. Som rådgjevar vil du også ta del i arbeidet med å effektivisere prosessar og rutinar. Det vil være ei stor fordel om du har tidlegare erfaring frå relevant saksbehandling, rådgjeving og at du har godkjennskap til organisasjonsstrukturen i Universitets- og høgskulesektoren.
I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver, som blant anna omfattar opprykk, permisjonar og anna førefallande arbeid må også påreknast.
Det kan bli gjort endringar i arbeidsoppgåvene som høyrar til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning.
- God digital kompetanse og kjennskap til digitale arbeidsverktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Relevant praksis innan personal- og HR-arbeid er en fordel, i tillegg til erfaring med høgare grads saksbehandling, saksførebuing og utredningar til leiing og styrer.
- Juridiske og HR-relevante fag i fagkretsen er en fordel.
- Erfaring og kjennskap til system for dokumentasjonshandtering og arkiv er en fordel.
- Kjennskap til relevante lov- og avtaleverk.
Vi søkjer ein medarbeidar som er:
- Ansvarleg og løysingsorientert
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Arbeider nøyaktig og systematisk
- Er strukturert og i stand til å handtere fleire parallelle prosessar utan å miste blikket for detaljar
- Har evne til å prioritere
- Er sjølvstendig, serviceinnstilt og imøtekommande
- Er raus og inkluderande
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Ei allsidig stilling med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Eit godt fagleg og sosialt miljø
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
- Stilling som rådgjevar (kode 1434), med løn etter lønssteg 63 - 68. For tida utgjer det kr. 615 700 - 667 700 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
Generell informasjon:
Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med seksjonsleiar Arve Sennesvik, tlf. 55 58 47 16 eller e-post: arve.sennesvik@uib.no eller rådgjevar Tommy Kvarven, tlf. 5558 37 30 eller e-post tommy.kvarven@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331580031
- Sist endret