Lærar vikariat - 1 år
Vestland fylkeskommune
- Frist 19.12.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Lærar vikariat - 1 år
Knarvik vidaregåande skule ligg sentralt plassert i Knarvik. Skulen tilbyr utdanningsprogram for studiespesialisering samt påbygg. Innan yrkesfaga tilbyr vi fem utdanningsprogam i tett samarbeid med næringslivet i distriktet. Innan fire av desse har vi og 4-årig TAF utdanning, og vi tilbyr og tilrettelagt opplæring.
Skulen har 170 tilsette, og 900 elevar fordelt på to skulebygg.
Vår visjon er læring og vekst for alle, og i vårt utviklingsarbeid har vi spesiell fokus på trygt og godt skulemiljø for elevane våre.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer deg som vil vere vikar i 100% stilling i 1 år, for lærarar i permisjon. Oppstart så snart som mogleg.
Du blir ein del av fellesfag-avdelinga for humanistiske fag. På denne avdelinga er det 30 lærarar som underviser i norsk, engelsk, framandspråk og ulike samfunnsfag. Dei fleste er og kontaktlærarar.
Undervisninga vil foregå på ulike studieprogram, både på studiespesialiserande og på yrkesfag.
Vi treng deg med undervisningskompetanse i:
Norsk og historie (helst begge fag)
Om du i tillegg har samfunnskunnskap er det også ein fordel.
Vi ønskjer også at du kan vere kontaktlærar på studiespesialiserande.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Søkjarar må ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
Gode samarbeidsevner i profesjonelle læringsfellesskap
Godkjent politiattest
Du er opptatt av å skape eit trygt og godt miljø for alle våre elevar
Du har eit stort engasjement for ungdom
Du likar å samarbeide
Du har godt kompetanse innan bruk av digitale vertkøy, vi nyttar mykje digitale læreverk og hjelpemiddel ved skulen.
Personleg egnethet er viktigEit aktivt og godt fagmiljø
Nært samarbeid med gode kollegaer
God delingskultur
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland Fylkeskommune sin lønspolitikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5916 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skule, norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331525632
- Sist endret