Spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
- Frist 31.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar?
Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Då håper vi du vil bli vår kollega i Bjørnafjorden kommune
Pedagogisk fagsenter er ein del av barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune. I Pedagogisk fagsenter jobbar vi direkte med barn som har lovfesta rett til spesialpedagogisk hjelp.
Arbeidet foregår ute i barnehagane i tett samarbeid med dei tilsette.
Vi har ledig ein fast 100% stilling som spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter.
Arbeidsoppgåver
· Utøve vedtaksfesta spesialpedagogisk hjelp i barnehage (§31 i barnehageloven)
· Rettleiing og samarbeid inn mot barnehage og føresette
· System- og lågterskelarbeid i barnehagar
· Bidra med kompetanseheving
· Utarbeide planar og årsrapportar i samarbeid med barnehagane.
Kvalifikasjonar
· Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå . Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
· Vidareutdanning i spesialpedagogikk eller anna relevant vidareutdanning
· Ønskeleg med rettleiingskompetanse
· Ønskeleg med erfaring frå barnehage og arbeid med spesialpedagogikk.
· Fordel med erfaring frå arbeid med språk, alternativ supplerande kommunikasjon og samansette lærevanskar
· Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar. Det administrative skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Eigenskapar:
· Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team
· God relasjonell kompetanse
· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· Evne til å vere fleksibel, strukturert og løysingsfokusert
· Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
· Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
· Faglege og personlege utfordringar
· Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter avtale
Du må kunne disponere eigen bil
Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke.
Irene Kvåle Foer, fagsjef kommunale barnehagar E-post: TLF: 91757972
Lena Epland Sløgedal, leiar for barnehagemynde og barnehageutvikling E-post: TLF: 92423380
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Spesialpedagog
Nøkkelord
spesialpedagog, pedagog, barn, unge, barnehage
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331505396
- Sist endret