Lufthamnbetjent
Sunnhordland Lufthavn AS
- Frist 15.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Lufthamnbetjent ved Stord Lufthamn
Me søker etter ny medarbeidar i 100% fast stilling som lufthamnbetjent.
Som lufthamnbetjent er du ein del av eit vaktlag som har fylgjande oppgåver:
- Brann- og redningsteneste
- Brøyteteneste
- Sikkerheitsteneste og handling av fly
- Førefallande arbeid i plasstenesta
- Vedlikehald av rullande matereiell
- Elektoninstallasjonar
- Bygg og baneanlegg
Den som vert tilsett må ha:
Helse og fysikk som strø dei krava som til ei kvar tid er gjeldande for stillinga og som tilfredsstiller krava til røykdykkarteneste. Tilfredsstillande muntleg og skriftleg norsk- og engelskkunnskap, samt kunna nytta PC som arbeidsverktøy. Søkjar må kunne legge fram uttømande politiattest.
Ønska kvalifikasjonar:
Fagbrev innanfor relevante fag som t.d. mekanikar, elektrikar eller anna tilsvarande. Førarkort klasse CE og utrykkings-sertifikat (Kode 160) samt maskinførarbevis og truckførar, eller forplikte seg til å ta dette innan perioden for prøvetid. Det vert lagt vekt på personlege eigenskaper og relevant erfaring frå liknande type drift.
Om deg:
Du er fleksibel, har stå på vilje og gode samarbeidseigenskapar samstundes som du evner å arbeide sjølvstendig. Gode personlege eingenskaper som strø opp om våre etiske krav og retningslinjer. Den som vert tilsett må forplikte seg til å gjennomføra kurs og anna opplæring som Sunnhordland Lufthavn AS meiner er naudsynt for stillinga.
Sunnhordland Lufthavn AS tilbyr ein interessant og allsidig jobb. Me ynskjer mangfald i selskapet med tanke på kjønn, alder og kulturell bakgrunn. Me tilbyr gode pensjons- og forsikringsavtalar for våre tilsette.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Flyplassvegen 344, 5410 Sagvåg
- Bransje: Luftfart
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Teknisk service, Vakt og sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331504782
- Sist endret