Vernepleiar i Tilrettelagte tenester -100 % fast stilling og 100 % vikariat
Vang Kommune
- Frist 01.01.2024
- Ansettelsesform Fast
Vernepleiar i Tilrettelagte tenester - 100 % fast stilling og 100 % vikariat
Tilrettelagte tenester/Miljøtenesta har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat som vernepleiar.
Du er ynska hit til oss med di nyskjerrigheit, positivitet og gode samarbeidsevner.
Tilrettelagte tenester i Vang er i endring, difor treng me nye medarbeidarar. Me ser at våre tenester både endrar seg og aukar, og innhaldet i arbeidet vert variert og nyskapande.
Me ynskjer din kunnskap og bidrag i endringa, saman med fleire gode fagansvarlege.
Du vert med på alt frå observasjon og kartlegging av bistandsbehov, oppstart av nye tenester, i tett samarbeid med eigne og andre faginstansar, tenestemottakarar og
familiar. Du vil bidra inn i barneavlastning, private heimar, bufellesskap, arbeid/aktivitet ogtil tidersamarbeide med skule/barnehage.
Gode lønsvilkår for vernepleiarar og sjukepleiarar som rekrutteringstiltak i Vang kommune!
Kva kan me tilby?
- Gode lønsvilkår! - I Vang kommune får vernepleiarar og sjukepleiarar 10 års tilleggsansiennitet ved oppstart i stilling. Ansienniteten kjem i tillegg til reell yrkesansiennitet. Kandidatar som allereie har full ansiennitet vil få løn over tariff.
- Stor variasjon i arbeidsoppgåver
- Du vil bidra inn i utviklinga og endring av tenesteområdet
- Faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter
- I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
- Vi kan hjelpe til å ordne bustad
- Løn etter tariff, og gode forsikrings - og pensjonsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid
- Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6
- Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting
- Bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
- Observasjon og kartlegging
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis autorisasjon som vernepleiar, men sjukepleiar og andre med 3-årig helse - og sosialfagleg utdanning oppmodast også til å søkje.
- Kunnskap og erfaring frå arbeid med målgruppa
- Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B og disponera eigen bil
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsferdigheiter, men òg evne sjølvstendig arbeid
- Du er stabil, fleksibel og lojal overfor vedtak og tiltak
- Du er blid og positiv, og villig til å søke ny kunnskap
Vi tilbyr
- Ei spennande stillingmed varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar
- Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
- Gode lønsvilkår for vernepleiar/sjukepleiar
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og StabDen viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
Ei storstilt satsing på barn og unge!Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 krHelse og omsorgstenester av god kvalitetVang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 årByggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetarI Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen VinjerockI Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutviklingMeir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vernepleier, miljø, bofellesskap, tilrettelagt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331502228
- Sist endret
