Lærar
Klepp kommune
- Frist 01.01.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Lærar
Ønskjer du å vera ein del av laget på Bore skule?
Bore skule har ledig 2 vikariat som lærar i 100 % stilling, og det kan vera aktuelt med kontaktlærar.
Oppstart 01.01.24, eller etter avtale.
Bore skule er ein barneskule med omlag 450 elevar, og med fire parallellar på trinna. Skulen er ein avdelingsskule med tre avdelingsleiarar, som kvar har ansvar for å leie to trinn kvar. Skulen har eit stort nybygg med blant anna kantine og aula. Skulen har alle fasilitetar på plassen, med blant anna flott uteområde og flotte turområder i kort avstand frå skulen. Skulen har eit godt arbeidsmiljø, med god og brei kompetanse blant dei tilsette. Skulen har blant anna sosped og spesped- team.
Skulen arbeider med utviklingsområdet Den engasjerte eleven, kor lærarane skal planleggje for undervisning som motiverer.
Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju.
Velkommen til ein spennande arbeidsplass!
Arbeidsoppgåver
- undervisning og planlegging av undervisning
- kontaktlærar/ faglærar
- aktiv deltaking i ulike profesjonssfaglege læringsfellesskap på skulen
Kvalifikasjonar
- godkjent undervisningskompetanse 1.-7. trinn
- god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
- du har god forståing og kjennskap til læreplanverket
- du har kompetanse i, interesse for og erfaring med bruk av ulike digitale læringsverktøy
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- i tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- trygg vaksen som trivst i klasserommet
- dyktig relasjonsbyggar med eit inkluderande elevsyn
- strukturert
- robust klasseleiar
- fleksibel og sjølvstendig
- godt humør
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er positiv, fleksibel og har stå- på- vilje
Vi tilbyr
Ein spennande, variert og utviklande jobb der du får vera med å utgjer ein forskjell for elevane, saman med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Ein skule med flotte ute- og turområder i gangavstand frå skulen, og jærstrendene ein sykkeltur frå skulen.
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysing, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Verdalsvegen 31, 4351 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331463253
- Sist endret