Seksjonsleiar
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 10.12.2023
Seksjonsleiar
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.Vår ambisjon er å vera fagleg i front, nasjonalt og internasjonalt i sikker og framtidsretta legemiddelforsyning.
Som eit av fem sjukehusapotek i vest er Sjukehusapoteket i Bergen (SiB) eit av deistørste apoteka i landet med omlag 135 medarbeidarar. Vi har fire avdelingar; Publikum, Sjukehusekspedisjon, Avdeling for farmasøytiske tenester og Produksjon.Sjukehusapoteket i Bergen har den siste tida gått gjennom ein omfattande endringsprosess.
Produksjonsavdelinga er delt mellom seksjon cytostatika (CYT) og steril/ikkje steril produksjon (SIP). Vi produserer cytostatikakurar til pasientar i Helse Bergen og sterile produkt som total parenteral ernæring (TPN), smerteblandingar og andre aseptisk framstilte legemiddel. Samtidig produserer vi ikkje-sterile legemiddel som miksturar, kapslar og dosepulver.I åra somkjem forventar me vekst i produksjonen, særleg innan områda cytostatika og tilsetjingsprodukt.
For åsikre at denne veksten ivaretar høg kvalitet søkjer vi no etter toseksjonsleiarar til produksjonsavdelinga, med oppstart så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den daglege drifta av seksjonen innan avtalt ansvarsområde, herunder ansvar for:
- Dagleg planlegging av drifta og oppfølging av medarbeidarane ved seksjonen
- Sikre gjennomføring av opplæringsplan og kompetanseutvikling
- Personalansvar for alle tilsette i eigen seksjon
- Lage arbeidsplanar i bemanningssystemet (GAT)
- Bidra med å utarbeide årlege mål, handlingsplanar og budsjett/ prognose for eiga eining
- Bidra i budsjettprosessen / økonomistyringa med nødvendig informasjon frå seksjonen
- Bidra til at relevante arbeidsprosessar i kvalitetssystemet (SAVvy) blir sett i verk og blir etterlevd i seksjonen
- Saksbehandle avvik, setja i verk tiltak og sjå til at dei blir lukka i samarbeid med næraste leiar
- Bidra ved rapportering av relevante nøkkeltal innan eige ansvarsområde
- Bidra til kvalitativt gode rekrutteringsprosessar og at alle går gjennom introduksjonsprogram for nytilsette
- Bidra til opplæring av medarbeidarane, både i samsvar med dagleg drift og planleggja dagane på ein slik måte at dei får sett av nok tid til kompetanseutvikling
- Bidra til godt HMS-arbeid ved avdelinga
- Bidra ved etablering og oppfølging av handlingsplanar for Ytre miljø
- Stedfortreder for avdelingsleiar PRO (etter avtale) og inngå i den utvida leiargruppa ved Sjukehusapoteket i Bergen (SIB)
- Innhaldet i stillinga kan bli endra ihht. utvikling av apoteket og samfunnet elles
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som farmasøyt
- 3-5 års erfaring innan fagfeltet produksjon
- Leiarerfaring
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein tydeleg, handlekraftig og involverande leiar som er opptatt av relasjonsbygging og har evne til å inspirera og motivera, lytta og skapa tillit
- Vi ynskjer at du er løysingsorientert, utviklingsorientert og målretta, og skapar meistringsklima i avdelinga
- Du identifiserer deg med våre verdiar; respekt, tryggleik og kvalitet
- Du er god til å samhandle med andre, og du har ein open og inkluderande leiarstil
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Kjekke kollegar og godt arbeidsmiljø
- Naudsynt opplæring
- Løn i henhold til avtale
Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Antall stillinger: 2
- Sted: Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Farmasøyt, Ledelse
Nøkkelord
Legemiddel, Sykehus, Farmasi, Farmasøyt, Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331362212
- Sist endret
