Rådgjevar i Pedagogisk psykologisk teneste
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
- Frist 22.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?
Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår nye kollega i Bjørnafjorden kommune
I Oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege, med barn, unge og føresette i sentrum. Dette betyr blant anna å samarbeide betre mellom fagområda og på tvers av aldersgrupper.
Bjørnafjorden kommune har etablert Familiens hus. Her inngår barneverntenesta, Førebyggande helse og eining for Barn, unge og familiar. PPT er ein del av eininga Barn, unge og familiar og er organisert som ei eiga avdeling. I PPT jobbar vi både på individ- og systemnivå i samarbeid med barnehage og skule. Vi er utviklingsorienterte og du som tilsett har moglegheit til å vere med og forme ei PP-teneste for framtida.
Du som søkar må ha gode skriftlege ferdigheiter og kunne skrive nynorsk. Du må også ha kompetanse og/eller erfaring innafor spesialpedagogikk eller psykologi.
Familiens hus har ledig:
100 % fast stilling som PP-rådgjevar
Oppstart: Medio februar
Arbeidsoppgåver
- Følge opp tilviste barn og unge, utgreie og utarbeide sakkunnige vurderingar, jamfør Barnehagelova §31 og Opplæringslova §5-1 og 4A-2
- Kontaktperson i barnehagar og skular med faste besøksdagar og ressursteam
- Delta i kompetanseutvikling
- Andre oppgaver kan knyttast til stillinga utover det som står nemd over
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Vidareutdanning i spesialpedagogikk eller psykologi eller anna relevant vidareutdanning
- Kompetanse og erfaring med observasjon og rettleiing inn mot barnehage eller skule
- Fordel med erfaring frå arbeid i PP-teneste
- Fordel med testkompetanse
- Fordel med erfaring knytt til samansette lærevanskar.
I tillegg ønskjer vi at du har:
- Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
- Evne til å bidra til utvikling og nytenking med barnets behov i sentrum
- Gode samarbeidsevner
- Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, og bruk av IT som arbeidsverktøy
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkje.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter avtale
Søkar bør ha førarkort klasse B då ein må pårekne å bruke eigen bil.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer søkarar merksame på at det vil bli krevd politiattest ved tilsetting. Politiattesten skal ikkje leggast ved søknadspapira, men leggjast fram før tiltreding.
Kontaktpersonar:
Annveig M. Fjeldstad, avdelingsleiar PPT. E-postadresse: Mobilnummer: 412 35 723
Therese J. Klyve, einingsleiar Barn, unge og familiar E-postadresse: Mobilnummer: 915 48 031
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
PPT, RÃ¥dgjevar, barn, unge
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330950888
- Sist endret