Lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi - vikariat
Helse Bergen
- Frist 7.1.2024
Lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi – vikariat - ved Seksjon for klinisk farmakologi
Vi har frå 01.03.2024 ledig eit vikariat av eitt års varigheit som lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi.
Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet og er også godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.
Seksjonen har tilsatt 6 overlegar, av dette ein overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB), ein legespesialist og tre legar i spesialisering (LIS). RELIS Vest har ansatt ni farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i foretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest.
Seksjonens medarbeidarar gir beslutningsstøtte til primær- og spesialisthelsetenesta innan legemiddelbehandling og formidlar kunnskap om riktig bruk av legemidler.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg medansvar for lege- og rusmiddelanalysar og tilhøyrande diagnostikk:
- tolke analyseresultat
- vurdere klinisk nytteverdi av lege- og rusmiddelanalysar, samt deira preanalytiske og analytiske kvalitet
- bidra til vidareutvikling av analysetilbodet i samarbeid med relevante kliniske miljø
- Fagleg medansvar for formidling av rasjonell farmakoterapi:
- - gje råd til helsepersonell i bruk av legemiddel knytt til effekt og biverknader
- delta i KUPP-Kunnskapsbaserte oppdateringsvisittar for fastlegar
- delta i arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon
- delta i arbeid med biverknader
- delta i arbeid i legemiddelkomiteen
- delta i vaktordning måndag til fredag frå kl. 0800-1600
Det er ein viktig del av verksemda å drive med forsking og utvikling, og det blir lagt til rette for det
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført tjeneste som LIS1 eller turnusteneste
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne innan norsk og engelsk
- Erfaring frå arbeid i laboratoriefag blir lagd vekt på
- Erfaring med og interesse for forsking og undervisning blir lagd vekt på
Personlege eigenskapar
- Du må:
- ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
- vere motivert for fagleg utvikling og forsking, samt undervising
- ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- personleg egnethet blir lagd vekt på
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- God opplæring
- Varierte arbeidsoppgåver
- Tid til fagleg fordjuping og utvikling
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
LIS, Lege, Farmakologi, Sykehus, LIS3
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330931184
- Sist endret