Pedagogisk leder
Klepp kommune
- Frist 18.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leder
Orstad naturbarnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart 01.02.24, eller etter avtale
Vi søkjer deg som likar å vere ute i naturen og ser på naturen som ein fantastisk plass å leike, lære og oppdage. Du er leiken og opptatt den gode relasjonen til barna, og vil jobbe for eit trygt og godt barnehagemiljø.
Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Vi vil gje borna gode opplevingar gjennom leik og læring i naturen.
Vi har eit stort uteområde med naturleg skog. Vi har ein stor gapahauk med bålplass, vi har lavo som vi tek med på tur når vi treng ly for regn eller sol. Vi har gode turområdet i nærmiljøet vårt.
Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på å være ein lærande organisasjon. Pedagogisk leiar er ein del av av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage. Marte Meo er ein utviklingstøttande pedagogikk som vert brukt i veiledning av personale for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barna.
Pedagogisk leiar har det fagleg-pedagogiske ansvaret for avdelinga han/ho er knytt til, og skal bidra til at barnehagen samla driv som ei godt tilrettelagt pedagogisk verksemd, i tråd med barnehageloven sitt formål, og rammeplan for barnehagar. Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal arbeida for at både barn, foreldre og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen.
Arbeidsoppgåver
- leia og organisere det pedagogiske arbeidet i fht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan
- samarbeida godt med andre, dela kunnskap, erfaringar og informasjon. Støtta og utfordra andre for å nå teamet sitt mål
- kommunisere på ein klar, presis og strukturert måte
- vere ein autoritativ leiar. Skapa ei god atmosfære, støtta, utfordra og oppmuntra teamet
- ansvar for målsetting og resultat, og sjå ei heilhetleg utvikling av det faglige miljøet i barnehagen
- sensitivitet overfor enkeltbarn og barnegruppa
- rettleiing av tilsette og foreldre
- samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna
Kvalifikasjonar
- godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT)
- søkarar må tilfredstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal
- godkjend politiattest må foreliggje før tiltredelse
- dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du kunna dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål (jmf. Barnehageloven § 18 a)
Før oppstart må det leggjast fram tilfredstillande tuberkulin-status i tråd med forskrift om tuberkulosekontroll, samt politiattest i tråd med opplæringslova §10-9 / barnehagelova §30
Personlege eigenskapar
- du har interesse for og ønske om å arbeide for barns beste
- du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute
- du er positiv, og vil vere med på å skapa/oppretthalde eit godt arbeidsmiljø
- du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta
- du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team
- du har et bevisst forhold til til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt lederteam
- du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel
- du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
- du har evne til å motivere kollegaer
- du har fokus på nærvær
Vi tilbyr
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.Løn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLPJobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skogvegen 16, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330867961
- Sist endret