Utløpt

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og brenn for eldreomsorg?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Stillingstittel
Sjukepleiarar/vernepleiarar
Frist
15.01.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledige stillingar for engasjerte sjukepleiarar eller vernepleiarar som vil vere med å bidra til utvikling av tenestene ved Luranetunet bu- og behandlingsenter, er det deg?
Luranetunet bu- og behandlingssenter ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar.

Som tilsett på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område. Du får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.

Arbeidsstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Dei to korttidsavdelingane er rehabiliteringsavdeling og behandlingsavdeling med til saman 40 plassar. Her kjem det inn pasientar inn både frå heimen og sjukehuset for behandling og rehabilitering. På langtidsavdelingane har vi 2 buavdelingar, og 5 avdelingar tilpassa personar med demens sjukdom. Bebuarane våre er i ulike fasar av sjukdomen sin. Nokre er i god fysisk form, medan andre er i livets sluttfase. Vi ønskjer å bli kjent med personen bak sjukdommen, og har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid. Saman med bebuaren, pårørande og andre helsetenester jobbar vi for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt.

Luranetunet sin visjon er "Varme og vekst i samspel". Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar.
Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.

Vi ser etter deg som:

  •  har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar gjerne med relevant vidareutdanning
  •  har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
  •  ser kva for oppgåver som er viktige i arbeidet med å aktivisera og stimulera bebuarane for å få fram glede og trivsel i kvardagen, og som evnar å utføre god pleie når livet nærmar seg slutten.
  •  deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  •  er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt.
  •  bidrar positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga, og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst. 

 Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar
Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi kan tilby

  • 100 % stilling i eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer
  • Vi har fokus på heiltidskultur og fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg, i to-delt turnus og turnus med langvaktar 
  • Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
  • Luranetunet har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning.
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

sykepleier, vernepleier, eldreomsorg, sykehjem

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ass. einingsleiar Hilde Karin Storum
Telefon
97 67 07 17
Kontaktperson
Einingsleiar Anne Berit Karlsen
Telefon
90 20 21 64
Følg firma
475 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 330795329
Sist endret 11. jan. 2024 15:00

Rapporter annonse