Energioperatør, -montør, eller fagarbeidar innan elektro, automasjon eller mekaniske fag
Sogn og Fjordane Energi
- Frist 31.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi jobbar kvar dag med å skape den fornybare framtida - ein jobb som gir meining
Å sikre berekraftige løysingar, og bidra i kampen mot dei store klimautfordringane, er berebjelkar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) si verksemd. Vi jobbar kvar dag med å skape den fornybare framtida - ein jobb som gir meining.
Vi er kontinuerleg på jakt etter nye medarbeidarar som kan bidra med relevant kompetanse inn mot drift og vedlikehald av store og små kraftverk – og søkjer difor etter kandidatar innan både energioperatør og -montørfaget, eller fagarbeidarar innan elektro, automasjon eller mekaniske fag.
Aktuelle arbeidsoppgåver, alt etter fagområde:
- Kontroll, drift og vedlikehald av våre stasjons- og vassdragsanlegg
- Feilsøking, reparasjon av anlegg og utstyr
- Delta i prosjekt, stansar og revisjonar på alle våre anlegg
- Vidareutvikle deg innan relevante fag- og spesialområde
- Må kunne jobbe tverrfagleg og delta i arbeid på alle våre anlegg
Du har:
- Fagbrev innan aktuelt fagområde (elektro lågspent/høgspent, automasjon, mekanisk)
- Førarkort klasse B eller BE
Du er:
- Sjølvstendig, men arbeider også godt saman med andre
- Positivt oppteken av HMS, og tør å seie ifrå
- Sosial og har godt humør, og er ein positiv bidragsytar for miljø og samhald
- Ein som likar å stå på og har ei positiv haldning til effektivitet, utvikling og forbetring
- Innstilt på ein del reising knytt til arbeid på våre anlegg
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Firmabilordning kan vere aktuelt.
SFE arbeider aktivt og målretta for eit større mangfald og oppmodar kvinner til å søke på stillinga.
Arbeidsstad: Fleksibel oppmøteplass i vår region (t.d. Svelgen, Ålfoten, Sandane, Vetlefjorden eller Førde-området)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: 6823 Sandane
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, HMS, Mekanikk og installasjon
(1/15)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330761632
- Sist endret














