Utløpt

Biologisk Koordinator

Arbeidsgiver
Lingalaks AS
Stillingstittel
Biologisk Koordinator
Frist
06.01.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Lingalaks AS

Er du vår nye Biologiske Koordinator?

Vi søkjer etter deg som er interessert i akvakulturnæringa - i biologi, fiskehelse og miljø, og som synest det er spanande og sjå etter samanhengar og mogelege forbetringsområder i matfiskproduksjonen. Samspelet mellom biologi og utvikling av teknologiske løysingar er viktige fokusområde for å sikre ein berekraftig og framtidsretta produksjon. Som biologisk koordinator vil du vere ein viktig ressurs i dette arbeidet hos oss.

Du vil verte ein del av eit team med fagpersonar innan biologi og fiskehelse, og arbeide med strategiske problemstillingar knytt til produksjonen.


Arbeidsoppgåver:

  • Produksjonsplanlegging og prognosearbeid
  • Analyse av biologiske resultat
  • Oppfylging av KPI’ar innan biologi, produksjon og kvalitet
  • Rapportering internt og til myndigheiter
  • Oppfølging og implementering av biosikkerheitstiltak i felt
  • Biologisk støtte og rådgjeving til produksjonen (t.d. prøvetaking)
  • Prosjektoppfylging


Føretrekte kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Bachelor eller mastergrad innan akvakultur eller biologi
  • Erfaring frå havbruksnæringa eller annan matproduksjon er ein føremon
  • Resultatorientert og interessert i forbetringsarbeid
  • Analytisk
  • Interesse for og evne til kommunikasjon og formidling
  • Gode samarbeidsevner


Lingalaks tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Mogelegheit for fagleg og personleg utvikling


Kandidatar vil bli vurdert fortløpande.

Om arbeidsgiveren

Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me spelar på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn.

Våre om lag 70 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.

Arbeidsstad er ved hovudkontoret i Norheimsund.

Sektor
Privat
Sted
Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Biolog,
Koordinering
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

biologi, fiskehelse, bærekraftig, oppdrett, laks

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anita Stevnebø
Stillingstittel
Leder Biologi
Mobil
41 69 72 47
Følg firma
194 følger dette firmaet

Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 330760844
Sist endret 11. jan. 2024 15:48

Rapporter annonse