Sjukepleiar/Vernepleiar
Time kommune
- Frist 17.12.2023
Sjukepleiar/vernepleiar
Me har ein ledig stillling som sjukepleiar/verneplaiar i 100 % fast stilling i Helse og velferd. Oppstart etter avtale.
Stillinga har for tida arbeidssted i Kolheia bufellesskap og ambulerande tenester, som er organisert under verksemda Psykisk helse og rusarbeid. Kolheia ligg sentralt på Bryne, med kort veg til både buss og tog.
Kolheia bufellesskap er for menneske med psykisk liding. I tillegg til dei som bur i bufellesskapet, har me ambulerande tenester som er timebaserte tenester til heimebuande menneske med psykisk og fysisk funksjonssvikt. Me har tverrfaglege samarbeid for å sikra gode helse- og omsorgstenester.Det er turnusstilling med arbeid kvar fjerde helg. Personalet går langvakter i helger, men det kan også verta enkelte langvaketer i ukedagar.
Kolheia har per dags dato ca. 10 årsverk.
Me søker medarbeidarar med stå på vilje. Me det meiner me at me ønsker at du kan vera uthaldande og ha evne til å arbeida mot mål der resultata kjem gradvis. Din faglege tryggleik vil vera viktig då me møter menneske som ønsker å vera trygge i møtet med deg. Fleksibilitet er ein av ressursane dine som vil koma flittig i bruk. Dagane vert aldri like, og du må kunna kasta deg rundt å tilpassa deg ein kvardag som stadig er i endring. På arbeidsplassen ler me mykje og me tenker at det er ein styrke at me som arbeider her har det godt i lag. Du merkar at det er god stemning når du kjem på arbeid. Me ønsker at du er ein lagspelar som saman med oss kan vera med på å bidra til at tenesta vår utviklar seg slik at me har eit best mogleg tenestetilbod.
Å gjera kvarandre gode er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Har du lyst til å vera med på laget vårt, til å bidra i arbeidet med å gje tenestemottakarane våre ein betre kvardag, så er du velkommen til å søka på stilling hos oss.
Arbeidsoppgåver
- yta nødvendig helsehjelp og praktiske oppgåver
- bidra til fagleg utvikling av tenesta
- sjå behov for utvikling og endring hos brukarane
- afgleg rettleiing av tilsette
- halda seg fagleg oppdatert
- skapa tryggheit og gode relasjonar
- dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar i verktøyet Profil.
- legemiddelhåndtering
- primær- og sekundærkontakt funksjon
- samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnere
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- God muntleg og skriftleg norsk
- Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Me legg vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid på tvers av faggrupper til det beste for tenestemottakar
- Det er krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga
- Førarkort klasse B, manuell gir
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunna arbeida sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må lika utfordringar, vera engasjert, løysingsorientert og kunna trekka slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Me tilbyr
- Ein av dei beste pensjonsordningane i landet
- Lønn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sted: 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330749514
- Sist endret
