Sjukepleiar - 100% fast - Lindås bu- og servicesenter
Alver kommune
- Frist 20.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar med engasjement for eldreomsorg?
Sjukepleiar - 100% fast - Lindås bu- og servicesenter
Om stillinga
Vi søkjer etter sjukepleiarar til 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Ved ønske er det moglegheit for langvakter kvar 6. helg. For eksterne søkarar tilbyr vi eit rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltreding.
Om Lindås bu - og servicesenter
Lindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim sentralt på Lindås med plass til 25 bebuarar, fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar som lever med demens. Her jobbar det ein triveleg gjeng med godt humør og stort engasjement for eldreomsorg. For tida er det om lag 45 tilsette.
Vi har også ein eigen huskatt som bur på avdelinga, til glede for både bebuarar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved sjukeheimen. Du rettleier studentar, elevar, lærlingar og kollegaer.
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Ønskt kompetanse
- God digital kompetanse
- Vi søkjer etter ein fagleg trygg sjukepleiar.
Kven er du?
Du har evne til å strukturere både eigen og andre sin arbeidskvardag ut frå dei krav som vert stilt til tenesta. Du har god gjennomføringsevne og er fleksibel. God rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Du har eit genuint engasjement for eldreomsorg og vil vere med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for bebuarar og kollegaer. Du er ein sjølvstendig medarbeidar som samarbeider godt med andre. Du er samvitsfull i yrkesutøvinga di.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Fagleg spennande arbeid
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning
- Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Om arbeidsgiveren
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Storbruhaugen 36, 5955 Lindås
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Sykepleier / Eldreomsorg
- FINN-kode 330615578
- Sist endret