Psykolog/psykologspesialist
Helse Førde
- Frist 17.12.2023
Psykolog/psykologspesialist
Førde BUP er ein av poliklinikkane i PBU (psykisk helsevern for barn og unge).Førde BUP dekker ei barnebefolkning på om lag 12 200 fordelt på 8 kommunar. Vi har spesialistar i alle profesjonar og dei fleste fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse.
Poliklinikken er lokalisert i Dagabygget, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern.
Vi har ledig to faste stillingar som psykolog / psykologspesialist.
Arbeidsoppgåver
- Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge
- Samarbeide med førstelina og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
- Deltaking i interne og eksterne møter, undervising, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/psykolog med norsk autorisasjon i klinisk psykologi
- God fagleg vurderingsevne
- God norsk skriftleg og munnleg framstillngsevne
- Erfaring med arbeid i barne- og ungdomspsykiatri vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
- Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte
- Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønske om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
- Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet
- Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Det vert lagt til rette for spesialiseringsløp
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Antall stillinger: 2
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psyklolog, psykologspesialist, BUP, Klinisk psykologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330505403
- Sist endret