Kommunikasjonsrådgjevar
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 17.12.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Kommunikasjonsrådgiver
Kommunikasjonsrådgjevar
Høgskulen på Vestlandet, har ledig ei vikarstilling i 100% som kommunikasjonsrådgjevar ved Avdeling for kommunikasjon.
Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å leggje til rette for at Høgskulen på Vestlandet (HVL) vert ein synleg og attraktiv institusjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi har òg eit overordna ansvar for at HVL har ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.
Vikariatet er ledig i tida 01.01.2024 - 31.12.2024.
Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar
- bidra til faste formidlingstiltak ved campus Sogndal
- ta del i ulike kommunikasjonsoppgåver og -prosjekt ved høgskulen.
Kvalifikasjonskrav:
Krav til stillinga:
Søkjar må ha relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå og eit stort engasjement for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.
Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha god skriftleg uttrykksevne, spesielt på nynorsk. Du må ha god forståing for digitale kommunikasjonsflater
Erfaring frå journalistisk, redaksjonelt arbeid eller kommunikasjonsarbeid er ein fordel
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter ein omgjengeleg og initiativrik medarbeidar som meistrar balansen mellom det å vere operativ med dagleg innhaldsproduksjon og strategisk planlegging og rådgjeving. Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som seniorkonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i 1363- seniorkonsulent. Særskilt kvalifiserte søkjarar kan bli vurdert til rådgjevar (stillingskode 1434 - rådgjevar).
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no (http://www.nokut.no) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan kome til bruk i handsaming av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrgata 6, 6856 Sogndal
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Journalist, Markedsfører, Tekstforfatter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330474963
- Sist endret