Ferievikar 2024 - Vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.1.2024
Ferievikar 2024 - Vikar for LIS1/medisinstudent med lisens
Vil du bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane og deira pårørande. Vi ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Medisinsk seksjon og kirurgisk/ortopedisk seksjon har behov for vikarar for LIS1 i perioden veke 25 - 35.
Informasjon til søkjaren:
Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sine behov, men i søknaden kan du gi til kjenne kva seksjon du helst prioriterer. Dersom du har jobba for oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Du må pårekne arbeid annankvar helg, og du kan rekne med ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV-en.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er god infrastruktur og korte avstandar på Søre Sunnmøre og til delar av Nordfjord. Bu- og arbeidsmarknadsregionen utgjer omlag 65 000 innbyggjarar. Ørsta/Volda lufthamn har fleire daglege samband til Bergen og Oslo. Sjå meir om Volda her https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY- Og her https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
Arbeidsoppgåver
- Pasientbehandling og vanleg vaktteneste på sengepost, intensiv og poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som lege eller medisinstudent med lisens
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement og arbeidsglede
- Du medverkar til å gi eit godt tilbod til pasientane du møter
- God kompetanse, samarbeidsevner og positive haldningar vert lagt vekt på
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
For meir informasjon om vår region, sjåVisit Møre og Romsdal
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Antall stillinger: 10
- Sted: Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Medisinstudent med lisens
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330378186
- Sist endret