Ferievikar 2024 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.1.2024
Ferievikar 2024 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande.Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Avdeling for medisinsk mikrobiologi, Avdeling for medisinsk biokjemi og Avdeling for patologi er tre av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk. Klinikken omfattar alle laboratoriefaga og radiologi, og har eit sterkt fokus på kvalitetsarbeid.
Det er behov for ferievikarar ved følgande seksjonar i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 33
- Mikrobiologi Ålesund (4 ferievikarer)
- Seksjon patologi HMR (2-3 ferievikarer)
- Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Ferievikarar kan måtte rekne med å delta i avdelinga si vaktordning.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- 2. eller 3. års bioingeniørstudent
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Antall stillinger: 8
- Sted: Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bioingeniør, Bioingeniørstudent, Ferievikariat, Sykehus, Ålesund
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330372094
- Sist endret