Operasjonssjukepleiar
Helse Bergen
- Frist 7.1.2024
Operasjonssjukepleiar
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket, med ca 1100 årsverk. I KSK har våre tilsette kunnskap og kompetanse innan fleire ulike fagfelt. KSK yter service for pasientgrupper til dei fleste avdelingar og klinikkar i føretaket.
Den ledige stillinga er ved Operasjons Glasblokkene. Seksjonen gir tenester til Kvinneklinikken innanfor fagområda gynekologi og obstetrikk. Vi skal i løpet av 2024 utvide seksjonen med fagområder innen for barnekirurgi (plastikk, uro, gastro og HH) og endokrinkirurgi. Seksjonen disponerer 12 nye flotte operasjonstover i Glasblokkene. Glasblokkene ble åpnet høsten 2023, og gir oss en unik arbeidsplass med topp moderne lokaler. Vi drifter dagleg elektive stuer samtidig som vi har høg ØH beredskap med eige ØH team kvar vakt. Vi er òg ein del av robotkirurgiteamet som bemannar KK sin robot fleire dagar i veka.
Operasjonssjukepleiar ved Operasjon Glasblokkene har aktiv vakt og jobbar tredelt turnus. Pr. i dag jobbar operasjonssjukepleiarane 12,25 timars vakter laurdag og sundag (avtale med tillitsvalde). Ønskelig med tiltredelse 01.04.2024.
Dette er ein spennende arbeidsplass med dyktige medarbeidarar, med fokus på pasientsikkerheit og fagleg utvikling.
Vi har ledig fast 2 x 100% stilling for operasjonssjukepleiar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvaret for å planleggje og gjennomføring av oppgåver knytt til operasjonspasienten
- Undervise studentar i spesialisering og nytilsette
- Delta i daglege driftsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Erfaring eller praksis innen gynekologi, obstetrikk, endokrinkirurgi, barnekirurgi (uro, gastro, plastikk eller HH) er ønskelig.
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
- God IT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø
- Arbeider strukturert og målretta
- Serviceinnstilt og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Gode faglege utfordringar
- Dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Operasjon, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329971906
- Sist endret